Steinalderbuplassen i Djupadalen

Foto:  Oddbjørn Kvålsvold

Sist måndag (februar 2013) hadde eg ein tur til Djupadalen for å sjå korleis dei nye eigarane hadde teke vare på buplassområdet som vart registrert i 1990 åra. Utgravinga i samband med vegprosjektet, Trekantsambandet, kasta lys over aktivitet og levevis i steinalderen i dette området.


Bilete: Steinalderbuplassen i Djupadalen ligg som «ei grøn øy» ved E-39. Foto: OK

Trass store anleggsarbeid i området, låg den gamle buplassen som ei grøn øy ved E- 39. Anleggs-maskinane svirra som arbeidsame maur i området og det er gjennomført eit imponer-ande arbeid med utskyting av fjell og masseutskifting. Det er difor vanskeleg og førestilla seg korleis området var den gongen steinalder folket kom opp fjordarmen frå Valvatnavågen i sine skinntrekte båtar. Havnivået var høgare og Djupadalen var ein del av Valvatnavågen. På steinalder bustaden, som er inngjerda, fann arkeologane gjenstandar av flint og avslag etter reiskapsproduksjon. Hjort og anna storvilt vart nok hausta av dette jegerfolket, som levde der i perioden 8500 og 8000 f.Kr.


Turløypa gjennom Djupadalen som mange har hatt gleda av, var no stengt på grunn av anleggsarbeidet. Men når anleggsmaskinene og byggeaktiviteten har stilna av, må stien gjennom området opnast på nytt. Turløypa frå gamle Hatland skule, framom steinalder bustaden og ned til Valvatnavågen har mange glede av.


Eg ser for meg ein liten «kulturhistorisk kvileplass» ved steinalder bustaden i Djupadalen, med sittegruppe, bål panne og informasjonsstavle. Ei lita grøn lomme med kulturhistorisk sus i furutrerne.


Steinalder bustaden som vart funnen i 1993, må Stord taka vare på. Kommunedelplan for kulturminne og kulturmiljø, vedteke i 2009 legg føringar og planen skal vera «ein reiskap for saksbehandlar og utbyggjarane».


Med helsing

Oddbjørn Kvålsvold