Eit yrkesliv som typograf

Foto: Oddbjørn Kvålsvold

Ein av forteljarane mine, Johann Belsvik, er av dei få som har vore heile sitt yrkesaktive liv hjå same arbeidsgjevar. Han tok til i bladet Sunnhordland 1. juli 1945 og gjekk av med pensjon 50 år seinare. Johan har vore tru mot sin arbeidsplass og kan fortelja korleis ei lita lokalavis har klart å utvikla seg med tida til eit moderne mediehus med mange tilsette. Han kan fortelja om den fantastiske tekniske utviklinga faget typograf har vore gjennom. Vidare reflekterte Johann i sine livsminne over dei vegval vi menneske ofte må gjera i livsløpet vårt. Då han fekk tilbodet frå lokalavisa om lærlingplass, hadde han òg eit tilbod om gratisplass på den private realskulen på Ås. Ved dette vegskilje valde Johann jobben i trykkeriet til avisa, noko han seinare i livet aldri har angra på.


Alt då Johann gjekk på barneskulen, fekk han eit visst forhold til lokalavisa på Vikjo. Han som mange andre ungar var avisbod for bladet og stod ofte å kikka inn på flattrykkpressa i Borggata. På denne tid var det Jens Hystad d.e. og kona som dreiv avisa i lag. Dei heldt til i Folkvangbygget i Borggata med kontor og trykkeri. Johann fortel om tilsetjinga som fru Hystad var ansvarleg for. Ein dag ho sat og falsa/ bretta saman aviser, stod han og såg på henne. Så kom det eit uventa, men avgjerande spørsmål. «Du Johann, du som fer her og spring i gato, du har ikkje lyst til å byrja i læra hjå oss» ? «Kva tid», undrast Johann. «I morgon», svara fru Hystad. «Ja, då må eg heim og spørja far», svara Johann. Det var ein glad gut som sprang heim og fortalde om tilbodet. Faren minna om at rektor Søranger hadde lova han ein av dei 3 friplassane ved realskulen på Ås. «Dette er eit sjenerøst og gjævt tilbod, men du må velja sjølv», sa faren. Valet var nok eit av dei viktige vegvala som Johann har teke. Han valde å byrja i læra hjå familien Hystad i Borggata, eit val han aldri har angra på, sjølv no som pensjonist. 


Johann hugsar godt første dagen i avisa. Her var Halvdan Hystad redaktør, broren Reidar sjef i trykkeriet og Martin Bjelland  typograf. Det var Bjelland som fekk oppgåva å læra Johann «Gutenbergs ærverdige kasse» med avdelte rom for alle bokstavar og tal. Først måtte han øva på å setja opp små setningar frå ein lapp med tekst, og etter kvart fekk han tildelt små skrivne tekstar som skulle settast opp. For ein typograf var det heilt naudsynt å kjenna plasseringa i kassen, slik at dette kunne utførast med presisjon, nær sagt i blinde. Johann fortel at Reidar Hystad og seinare sonen Jens og sonesonen Reidar d.y., var svært opptekne av å skaffa utstyr som gjorde arbeidet i avisa rasjonelt, og dei ynskte å liggja i forkant av utviklinga. Etter kvart vart det innkjøpt setjemaskiner, og oppsettet vart støypt i bly, linje for linje. Seinare kom offsetutstyret på plass og ei ny omstilling for typografyrket. 


Men no var dataalderen (digitaltrykk) like om hyrna, og bladet Sunnhordland sendte Johann og typograf Ole Skaten frå Tysnes til Tandberg i Oslo. Her fekk dei grunnleggjande kunnskap om grafiske data. Dette var veldig interessant, men litt vanskeleg i starten, minnest han. Lukka var at avisa sendte to personar på opplæring, slik kunne dei utvikla kompetanse i samhandling då dei kom attende til trykkeriet. Teknisk var dette eit kvantesprang for rasjonell og moderne oppsett av aviser. Soga om lokalavisa Johann var ein del av i 50 år, synleggjer kor viktig det er å ha ein arbeidsstokk som er fleksibel og ei leiing som ligg i framkant av utviklinga. Eit prov på dette er at Sunnhordland no har passert 116 år og vert leia av fjerde generasjon Hystad.


Munnleg kjelde:  Johann Belsvik- f 1929


«Sunnhordland» 15. april 2019


Oddbjørn Kvålsvold