Lokomotivet i Sunnhordland feirar snart 100 år
For folket i Sunnhordland og vidare med fekk fabrikken Teodor Onarheim grunnla i desember 1919, store ringverknader. Sildoljefabrikken vart grunnlaget for eit industrieventyr i regionen. På denne tida var Stord først og fremst ein jordbrukskommune, sjølv om me hadde Stordø Kisgruber og nokre treskipsbyggeri og hermetikkfabrikkar lokaliserte her.
Fabrikken Onarheim og medhjelparne hans bygde, vart grunnlaget for eit industrieventyr og utvikla seg til ryggrada i industrien i regionen. Som arbeidsplass og inntektskjelde har verksemda på Kjøtteinen vore avgjerande for stordsamfunnet. Ja, alt frå starten i 1919 vart sildoljefabrikken ei god attåtnæring òg for bønder og småbrukarar. Fram til 1960-åra var lossegjengane frå forskjellige bygdelag årvisse å finna på lønningslistene, saman med den faste staben ved fabrikken. Ikkje minst under siste verdskrigen var verksemda med og produserte mat som delvis kom heile fylket til gode. Sildolja og mjølet måtte leverast til «Provianterings-direktoratet», men det var mykje «svinn», fortel Onar Onarheim i sin sjølvbiografi. Det var mange gardbrukarar, «villagrisrøktarar» og eggprodusentar som fekk hjelp i ei tid med skort på kraftfôr. I 1941 vart det bygd eit fryseri på anlegget, og dei tok til med produksjon av røykt sildefilet. Nye produkt vart laga av sildekvoten som var etla til menneskemat, og sildekaker produsert av silderogn og melke, vart leverte til distriktet som ferskvare. Men mykje av «Go-kake» – produkta vart pakka i 1-kilo pakkar og frose for seinare leveransar. I ei tid med lite mat, vart produkta frå Kjøtteinen viktig ernæring i krigsåra.
Nokre av dei som har delt livsminne med meg, fortel at dei i tenåra var med å laga «Go-produkta». Johann Belsvik fortalde i 2012: «Under krigen fekk eg arbeid i Go-kakehuset på Kjøtteinen. Det var Mina Kleppe og Margit Naustvåg som styrte arbeidet med tillaging av farsen og steiking….. Eg var og med og flekte sild…..Det var trønderen, Hans Kipsgård som hadde ansvaret for arbeidet med silda. Hans var ein meister ved sløyebordet, kjapp både med kniven og i replikken».
Kaffierstatning var òg eit produkt AS Stord byrja å laga av ei kornlast som var skada av saltvatn. Kornet vart sett under rennande ferskvatn i sildekummane og seinare tørka i fabrikken. Etter at det hadde fått god brunfarge i sildemjøltørka, vart det male i slagmølle til finkorna kaffierstatning. Fabrikken laga òg «kaffi» av poteter, fortel Onar Onarheim i sine memoarar. I slutten av krigen laga dei halvfabrikat av raunebær som P.G. Riber i Bergen foredla til kaffierstatning. Sildoljefabrikken på Kjøtteinen var i kontinuerleg drift alle krigsåra og hadde såleis stor innverknad både som inntektskjelde og matprodusent. I desse åra vart det produsert grønsaker på eigedommen til Bartz-Johannesen, Sæbø i Kårevik, og noko kjøpt frå gardbrukarar i området. Verksemda lærte at blomkål som vart forvella, kunne frysast og langtidslagrast med ypparleg resultat til liks med andre grønsaker.
Sildoljefabrikken sin verkstad som tok til i byrjinga av 1930-åra, vart etter kvart ei viktig brikke i drifta ved A/S Stord. I tillegg til eige vedlikehaldsarbeid vart det utført reparasjonar på fiskebåtar og litt stålarbeid til andre kundar. Men dei to siste krigsåra vart det òg laga maskiner til andre fabrikkar, og dette utvikla seg til ei stor sak, skriv Onar Onarheim. Ja, det var verkstaddelen han leia i 20 år som utvikla seg til ei av hjørnesteinsverksemdene i sunnhordlandsregionen, Kværner Stord.
Skriftleg kjelde: Onar Onarheim, «Min tørn» – 1984
Munnleg kjelde: Johann Belsvik – f.1929
«Sunnhordland» 26.11.18
Oddbjørn Kvålsvold

