Unggutar på brislingfiske
For mange unge gutar i Sunnhordland var ein tur på brislingfiske starten på vaksenlivet. Fleire av forteljarane mine har livsminne om første sommaren dei arbeide på eit brislingbruk. Ein av dei eldste, Erik N. Saue, var med onkelen på skøyta «Falken 1» alt i 1941 på slikt fiske. Som yngstemann på 17 år vart han roar på lettbåten for morbroren Erik F. Vikanes, som var bas på notalaget. Såg dei ein brislingdott, var det ungguten sin jobb å ro basen rundt med blyloddet i sjøen. Dette var ein sumar med mykje roing, hugsar Eirik N., han sat i lettbåten i lag med onkelen med oljebuksa på i fleire veker og gjorde sitt beste for å fylgja basens minste vink. Han fortel om kor spent morbroren var når dei såg liv i sjøen, og han ropte, «ro, ro» så det ljoma utover sjøen.
Ein annan som var med på brislingsfangst i unge år, er Jan Vikanes. Han fekk jobb på brislingskøyta « Saga» frå Vikanes i 1959, det året han vart konfirmert, men hadde og vore med nokre veker tidligare i skuleferiane. Jan fortel om brislingfiske i Sunnhordland, Hardangerfjorden og i Sogn. Han minnest haustfiske med lyskastarar i Ulvikfjorden med eit «hav» av notbruk. Ja, hamna i Ulvik var full av brislingbruk. For Jan vart arbeidsåra på brislingen gode minne frå tenåra. Mannskapet han arbeidde saman med var inkluderande og kjekke, men det vart mange tunge tak.
Skøyta «Saga» til Peder Vikanes hadde eit mannskap på sju, med nòta plassert framom styrehuset og med rull på sida der denne vart dregen inn.. Når basen hadde registrert ein brislingdott på loddet, som var stor nok, kom kommandoropet: «la gå». Brislingskøyta slepte då nota ut over rekka ved styrehuset der ein stolpe sikra at ho ikkje skulle verte dradd innover hekken bak. Ein øyrebåt låg klar og tok vare på enden av kastenota mens skøyta gjekk bruket ut rundt brislingdotten. Med begge notøyrene ombord i skøyta vart botnen snurpa saman og nota trekt inn. Etter at dei hadde samla fangsten ved skutesida, var det mykje arbeid att, fortel Jan. Brislingen vart oftast hova over i ein tett nòtpose der det var to stavar i endane som heldt nòtveggene frå ein annan. Vart kastet utført midtfjords, vart det mange timar slep inn til ein høveleg plass for å fortøya. Med straum og vind i fjordane måtte slepet til lands gå toleg. Nokre gongar vart fangsten plassert i landnot i ei lun vik inne ved land for å frigjera den tette nòtposen. Jan fortel om andre båtar han var med på som hadde hydraulisk kraftblokk, noko som letta handteringa av kastenota monaleg.
Skøyta til Peder Vikanes leverte fangstane til Chr. Bjelland & Co sine fabrikkar, og det var deira føringsbåtar som kom og henta det som sto i steng inne ved land. Brislingen måtte stå i lås i 5-6 dagar så åta gjekk or han. Basen tok prøver av fangsten som sto i mærane, og kontakta føringsbåten når han meinte brislingen var fri for mat i magen og klar for levering. Jan fortel om kor fysisk tung jobb det var å overføra fangsten til føringsbåten før moderne utstyr overtok denne jobben. Fyrst vart brislingen lasta over i øyrebåten deira med orkastnot, og så vart han hova opp i skjeppemål (20 liter) og løfta opp mot rekka på føringsbåten der mannskapet tok i mot. I den første tida Jan var med, vart fangsten tømt i kasser i lag med is om bord i føringsbåtane, men seinare vart fangsten transportert til fabrikkane med moderne kjøle og fryseskip.
I sitt yrkesliv vart desse to frå Vikanes fiskarar og fangstfolk som mange andre frå denne delen av kommunen. Dei var med og hausta store verdiar frå havet både ved Island og på Norskekysten, slik Aasheim fortel om i «Soga om Sagvåg».
Munnlege kjelder: Erik N. Saue f.1924 og Jan Vikanes f. 1945
«Sunnhordland» måndag 6. juni 2016
Oddbjørn Kvålsvold


