Den gode våren 1945
I samband med innsamling av livsminne er det fleire som har fortald om dei kjenslene som fekk fritt utlaup etter 5 år med okkupasjon og tvang under det tyske åket. På Leirvik og Vikaflè sette dei mange vitjingane av marinebåtar og mannskap frå Shetlandsgjengen sitt særpreg på tettstaden. Me veit òg at fleire av gastane fann sin ven for livet på Stord, stifta familie og busette seg i kommunen.
Med boka til Asgeir Ueland som kjelde, «Shetlandsgjengen» 2017, ser eg at det er Louis Rasmussen frå Volda som først vart «innlemmet» i Shetlandsgjengen av dei som seinare busette seg på Stord. Rasmusen var med frå 01.12.41 og er oppført med 42 turar over til norskekysten. Etter krigen stifta han familie i lag med Birgitte(Gitte) Larsen. Ein annan er Torleif Fagertun frå Nesna i Nordland, han er registrert i Shetlandsgjengen frå 26.08.43 og hadde 41 turar med våpenlaster til Noreg, landsetting og henting av agentar og rømlingar. Torleif er òg ein av dei som stifta familie då han vart gift med Tonny Tveten. Harald Angeltveit frå Fjell i Hordaland vart med i aktiviteten frå 23.12.41, og arbeidde for det meste på basen deira, men hadde ein tur over til Noreg i sesongen 1944/45. Ein annan som vart gift med ei stordjenta, var Fritz Larsen frå Drammen. Han vart kjent med Bergny Matre fredsvåren 1945. Larsen hadde 33 turar til norskekysten etter at han vart ein del av Shetlandsgjengen frå 13.03.42. Jarle Lorentsen frå Andøy, Åsmund Sandnes frå Gildeskål og Edvard Pettersen frå Tysfjord er alle nordlendingar som er registrerte i Shetlandsgjengen sin aktivitet. Lorentsen stifta familie med Aslaug Hetlelid, Sandnes gifta seg med Ada Karlsen, og Pettersen gifta seg med Konstanse Elida Lodden frå Bømlo.
Ei av ungjentene som budde på Leirvik i denne perioden, var Bergny Larsen. I 2012 fortalde ho meg at pinsehelga 1945 vart eit viktig vegskilje i hennar liv. Då vart det arrangert dans ved skulen på Leirvik, òg her trefte ho han som skulle verta hennar ektemann. Ho vert rørt i stemmen når ho fortel kor stramme og kjekke gastane som kom opp på skuleplassen og deltok på dansen var. Desse hadde landlov frå marinefartøya som låg ved kaiene og på Vikaflè. Bergny fortel at ubåtjagarane Hessa, Hitra og Vigra var ofte på Leirvik, saman men andre vaktbåtar under militær kommando. Ja, det var nokre staskarar i nypressa uniformer som bydde opp jentene til dans. Bergny har og gode minne frå då Stord songlag reiste til Rosendal på songarstemne denne våren, og han som skulle verta hennar ven for livet, Fritz Larsen, fekk høve til å vera med. Dette var ein vår og sumar med fredsrus og dans, så trekkspela og grammofonane var flittig i bruk.
Eg vil òg ta med litt av det Werner Hagerup har fortald meg. Han hugsar våren 1945 som ein eksplosjon av glede. Sjølv sto han i åkeren og tok opp poteter då den glade bodskapen ljoma ut frå nokre høgtalarar som var hengde opp i Borggata. Hagerup var berre 17 år, men vart innkalla til teneste for heimefronten. Han møtte ved Leirvik folkeskule og fekk utdelt uniform og ein Luger pistol som milorgmannen Magnus Sætrevik gav han litt instruksjon i på Vedasletto. Utstyret hadde vorte transportert inn frå lageret i Dåfjorden av Ludvik Bårdsen og skøyta. Her var eit utstyrslager som Shetlandsgjengen hadde frakta inn i landet med tanke på maktovertakinga. Som ordinans overhøyrde Werner telefonsamtalen då Milorgsjefen Gunnar Helgesen ringte kommandanten på kystbatteriet på Bjelland for å avtala overtaking. På spørsmål om troppen på Leirvik hadde våpen, svarte Helgesen: «Vi har våpen, og vi vil bruke dem».
Biletetekst: Forteljaren Bergny Larsen Foto: Oddbjørn Kvålsvold
Munnlege kjelder: Bergny Larsen ( 1923-2017)
Werner Hagerup – f. 1927
«Sunnhordland» 7.juni 2019
Oddbjørn Kvålvold

