Ei vanleg løe

Ho står på bruket Haugen, eit tidlegare husmannsplass, nederst i Haga. Bygget er er ei vanleg reisverksløe med mura flor (fjøs) i teglstein. Løa er fornya med aluminiums-plater på vegger og tak, men tidlegare hadde ho raudmåla bordkledning og eternitt på taket.

Det var i 1948 far til Harald, Halvard Haga, trong ny løe. Han hadde nok høyrt at løa på Nysæter var til sals og funne ut at denne hadde god material dg kunne flyttast til Haga. Det var eit stort arbeid å demontera løa, men transporten var blitt lettare no når det hadde kome bilvegar og lastebilar. I Haga måtte dei grava tuft og byggja grunnmur før løa kunne reisast på ny.


På småbruket i Haga hadde Halvard to mjølkekyr og nokre ungdyr, dessutan vart det laga rom til 10-15 grisar og ein del høns i løa. Halvard hadde også minkfarm på garden. Frå 1970-åra vart løa brukt til sauehus.


Kvar på Nysæter stod denne løa, og kvifor vart ho flytta frå Nysæter? Det gamle tunet på hovudbruket på Nysæter låg ved Storavatnet om lag der Nysæter landhandel var tidlegare. Her stod både våningshus, løa og andre uthus som høyrde til garden. Den dyrka jorda låg i små dalføre og mellom knausane i området kring tunet. Garden hadde mange og dels gode husmannsplass utover mot Sagvåg; Nysæterneset, Myro, Buneset og Sagvåg er av dei beste plassa. Husmannsplassa vart frå 1870-åra skilde ut som eigne bruk.


I 1905 vart hovudbruket seld til Peder Otteson Rutle. Han var ein tiltaksam kar som mellom anna sette opp ny løa på garden. I 1912 selde han likevel garden til Erik Saue, og flytta sjølv heim til Rutle. Allereie i 1915 fekk A/S Stordø kisgruber kjøpa garden og brukte jorda og løa til produksjon og lagring av høy til hestehaldet i gruva. Under 2. verdskrig var også jorda viktig til åker og matauk, men etter krigen var det nye tider og mykje av innmarka vart seld som byggjetufter. Den gode løa vart ståande ubrukt og kunne såleis seljast til bonden i Haga.


I tidlegare og meir nøysame tider var det nokså vanleg å flytta bygningar, særleg galdt dette lafta hus og uthus i grindkonstruksjon, men også andre typar bygningar. I vår forbrukstid er det mange som planlegg i korte tidsperspektiv, noko som ofte også gjeld ulike bygningar.


Her er ikkje rom for å skriva mykje, men ein slik bygning kan vera utgangspunkt for ulike historier, til dømes om bygningar, gardshistorie, personskildringar eller meir generelt om samfunnsutviklinga.


Ei slik vanleg løe har ei historie å fortelja.


Kjelder: Munnlege kjelder og Stord bygdebok, Gards og ættesoga


«Sunnhordland» 28.03 2014


Jens Litlabø