Kva saga dei marmoren med?
I ein av småartiklane som Stord sogelag har publisert i lokalavisa «Sunnhordland, skreiv historikaren Egil Nysæter om eit marmorverk ved Frugarden på Stord og om marmorarbeidarane som utvandra frå kommunen. Som sogeinteressert på amatørstadiet har eg lenge forundra meg over korleis dei fekk skore til store marmorheller på 1700-talet.
Tradisjonen fortel om uttak av marmorblokker som vart frakta til sagplassar og tilverka på oppgangssager. Dei vassdrevne oppgangssagene som kom til Sunnhordland på 1500-talet er omtalt av And. Næss i årsskriftet til Sunnhordland Museum (SM) i 1919. Her skildrar han sagplassane i regionen som ei teknisk nyvinning. Sagrammer med opptil 5-6 sagblad av herda jern var revolusjonerande for trelastprodusjon. Lokale kjelder fortel at slike rammesager vart nytta med sagblad av bly då ein tok til å produsera bordplater av marmorblokker. Men er dette ei «truverdig», teknisk forklaring på kva sagblad marmorverka nytta på 1700- talet? Bly er mjukt og vil bøya seg unna dei kreftene me her snakkar om.
På nettstader vert det fortalt om marmorverket på Handeland gard i Kvinnherad. Eigaren Peder Montagne Lillienskjold fekk ved kongeleg resolusjon i 1704 einerett på uttak av marmor i Sunnhordland, og marmorblokkene kom for det meste frå Moster og Vikanes på Stord. Vidare vert det fortald at steinen vart skoren med ei kvass sandblanda vasstråle med sagblad av bly.
I årsskriftet frå Sunnhordland Museum i 1947 skriv Halfdan Endresen om bergverksdrift. Han fortel om samarbeidet mellom lagmann Werner Hosevinkel Christie og sognepresten i Finnås, Peder Harboe Hertzberg i 1775. Sitat; «De oppførte en marmorsag i Åreiddalen ved prestegården og ved hjelp av en serdeles sindig mekanisme som Christie hadde konstruert, ble der saget 4 marmorplater i slengen og siden slipt med samme mekanisme».
Ei anna kjelde som nemner sagblad av bly er i eit lite skrift om «Marmordrifta på Moster» av Tor J. Birkeland. Skriftet gir oss fyldig innsikt i marmordrifta i Sunnhordland og fortel om eksport av marmorblokker til signalbygg og slott, men òg om marmorplater til bord, sarkofagar og utsmykking. Han skriv at ein del av marmorprodukta vart nytta her i landet, men mesteparten frå Moster og andre stader i Sunnhordland vart sende til Danmark eller til andre europeiske land. Ja, noko av marmorprodukta vart eksporterte heilt til Italia og Caribian. Om sjølve sagteknikken fortel Tor J. Birkeland at det vart nytta fleire sagblad av bly i ramme, vatn til kjøling og sand som slipemiddel. Han skriv at framdrifta var ein tomme (2,5 cm) for dagen.
For å prøva å få tak i fakta om kva sagblad som vart nytta, har eg hatt kontakt med konservatoren ved Norsk Bergverksmuseum i Kongsberg. Han skriv, «det vanlige var stående eller liggende rammesager, gjerne drevet av vannkraft, og at det i tidligere tider ble benyttet kvartssand som skjæremiddel og vatn som kjøling. I nyere tid har sagbladene vært påsveiset lameller med diamanter». Han skriv vidare at det høyrest merkelig ut at sagblada som ein nytta i Sunnhordland, var av bly, og han støttar teorien min om at sagbladet var av jern/stål med blyinnlegg på egga for å «fange» opp sanden til slipemiddel.
Skriftlege kjelder:
- Halfdan Endresen, SM sitt tidskrift -1947
- Tor J. Birkeland, «Marmordrifta på Moster»
- «Bergverk i Norge» – 2016
- «Norsk Bergverksmuseum», v/ konservator P. Ø. Østensen
«Sunnhordland» 25.november 2019.
Oddbjørn Kvålsvold

