Ein oppvekst i krambumiljøet
Sagvåg som den nest største tettstaden i Stord, har i alle år vore ein viktig del av kommunen sitt buområde med mange arbeidsplassar. Sagbruksdrift med omsetning av trelast, mølla og skipsbygging hadde lange tradisjonar før dei første kassane med kis vart transporterte med bremsebane frå Storavatnet ned til sjøen i Sagvåg i 1867. Ein av dei eldste sagvågsgutane, Svein S. Jonassen, har fylgt tettstaden og utviklinga gjennom eit langt liv. Han er difor ei god kjelde med verdifulle livsminne frå ei tid dei unge i dag ikkje heilt klarer å oppfatta og som me eldre delvis har fortrengt. Men boka «Soga om Sagvåg» som bygdelaget gav ut i 2012, har sikra mykje stoff frå samtidskjelder.
Som nemnt i innleiinga er Svein S. Jonassen ei god kjelde om soga til tettstaden, og har i opptak fortald om oppveksten i eit typisk krambumiljø der dei omsette mest alt. Ja, for det faren Sigurd ikkje hadde på lageret vart tinga. Svein minnest at det var stor trafikk på hamna, med båtar som kom og gjekk, og det var mykje å fylgja med på. Som ungar måtte dei hjelpa foreldra med drifta av krambua og yta etter evne. Mykje av varene faren tinga kom i sekker og tunner med båtane frå «bydn», og det var Svein si oppgåve å transportera varene frå kaien til lageret etter kvart som han vaks til.
Vareutvalet hjå dei driftige kolonialhandlarane femnde i vår nære fortid over eit breitt spekter vareslag. I 1952 kom boka «Det norske næringsliv – fylkesleksikon» ut, og under S. Jonassen, Sagvåg, står at salet omfattar, «kolonial, mel, og fetevarer, steintøy, manufaktur og jernvarer, malervarer, kull, koks, ved, bensin, brensel og smøreolje samt høy og fòrvarer». Vidare står det i leksikonet at verksemda driv frakteforretning på kysten med tre fartøy, og samla sysselsette drifta til Jonassen inntil 15 personer.
Båtane som dei handelsreisande nytta for å presentera varer, er òg minne Jonassen fortel om. Sundt, Wallendahl og Kløverhuset hadde flotte agentbåtar som la til ved kaien. Dei handlande i bygda vart bedne ombord for å få presentert vareutvalet som var utstilt i stilige salongar. Her hang tett med klede, og koppar og kar var utstilt i hyller, mens andre agentbåtar kom med tobakksvarer eller jernvarer. Ombord vanka det traktament, her vart servert kaffi, sigarar og dram for dei som ønskte det.
Svein S. Jonassen fortel elles mange artige minne frå ei tid då mest berre margarin og handsåpa var porsjonert og innpakka, alt anna kom i stampar, «butt», sekker, tønner og fat. Ikkje minst skapte sirupen problem om vinteren, den var treg å få over i mindre emballasje. Faren eller butikkjenta gjekk då vekk frå tønna som var plassert i bua, for å nytta tida til andre ting. Ein gong jenta hadde gløymt seg heilt ut, møtte sirupstraumen henne mest i døra. Ho som kom frå utelyset inn i mørket, såg ikkje dette og glei så lang ho var inne på golvet. Tradisjonen fortel om ei flau butikkjente som kom ut tilgrisa av sirup både på klede og i håret.
Munnleg kjelde: Svein S. Jonassen- f.1930
«Sunnhordland» måndag 19. juni 2017
Oddbjørn Kvålsvold

