Rusletur 28. juni Grov – Agdestein
Undervegs til Agdestein
Stord sogelag skipa til i rusletur i området Slettedalen – Boravik – Agdestein torsdag 28. juni. Liv Ingrid Grov var turleiar og fortalde med bakgrunn i sin oppvekst på Grov. Gunnar Strand som har budd på Agdestein, fortalde om hus, gardar og hytter der. Matøkt ved gamleskulen. Om lag 40 var med på turen.

