Difteri, – ein alvorleg smittsam sjukdom i vår nære fortid
I samband med innsamling av livsminne var det informantar som fortalde om alvorlege sjukdommar òg før koronapandamien slo til. Difteri (ekte krupp) var ein sjukdom som folk hadde stor respekt for og som førte til mange dødsfall i Noreg. Av faglitteratur ser eg at dette er ein akutt bakterieinfeksjon i nase og hals som skuldast difteribakteriar. Bakterien gir betennelse i slimhinnen, i svelg og luftveier. Smitte skjer ved dråpesmitte fra den sjuke, for eksempel ved hoste. I dag inngår vaksine for difteri i barnevaksinasjons-programmet som beskyttar godt mot sjukdommen.
I ein samtale med Anna Barmen i 2012 fortel ho om då difteri sjukdommen skapte redsel og sorg i mange heimar på Stord. Under siste verdskrigen kom òg smitten til heimen hennar på Døso. Først vart eine søstera hennar sjuk, men etter kort tid fekk og ei av dei andre symtomar og vart alvorleg sjuk. Jentene vart då plassert på eit soverom på loftet med liten kontakt med resten av familien. Helsesøster Astrid og doktor Mo hadde regelmessige tilsynsrundar og gav råd og støtte i ei spanande tid. Men ein dag kom tyske soldatar og befal og ville ha husundersøking i heimen og mora prøvde å stogga dei, men «herrefolket» trengte på og ville sjekka alle rom i huset. Anna minnast at spesielt den eine systera vart livredd når offiseren med «høghuva reiv opp døra inn til rommet deira. Då dokter Mo høyrde dette, vart han arg og skreiv eit kvast brev som mora kunne vise okkupantane om dei kom att. I heimen på Døso var søster Astrid regelmessig og tok prøvar, heilt til dei to jentene var symptomfrie. Så vart rommet «røykt ut» og grundig vaska fortel Anna
Anna Barmen fortel og om tragedien som råka familien til Henry Aas medan han sat i tysk fangenskap. Familien vart difterismitta og kona Kristine(1909-1943)døydde frå borna. Desse fekk omsut hjå andre til freden kom og Henry kom attende.
For å finna ut korleis stordsamfunnet takla ein slik sjukdom for snart 80 år sidan, gjekk eg inn på søkjarsida til bladet Sunnhordland. Eit fantastisk tilbod som abonnentane har til rådvelde. Ja, her fann eg raskt svar på det eg lurde på! I desse koronatider er det av interesse å sjå korleis lokalsamfunnet takla difteri- utbrot i 1940-åra. Eg vil ta med desse små sitata frå noko av det eg fann. Sunnhordland skriv 29.09.42 m.a.: « Difteri på Stord. …Helserådsformannen og kommunelege Knut Mo fortel om 5 -6 tilfelle kring Leirvik……For å hindra ein mogleg epidemi, har han førebels stengt alle skulane i Leirvik skulekrins.….». Sunnhordland skriv 04.12.42: Distriktslækjar Mo opplyser om 22 tilfelle av difteri, og vel halvparten av desse hev vore i Hystad-krinsen» ….. I avisa datert 23.07.43 står det. «Difterien på Stord i retur….Men det har i det siste vore så mange tilfelle av difteri at helserådet fann det påkravt å gå til offentleg og tvungen vaksinasjon av skuleborn….»
Avslutningsvis vil eg ta med kva lokalavisa vår rapporterer frå Moster 02.12.41: «Difteri- farang på Moster. – 30 sjuke innlagt på Skimmeland skule… skulen er teke i bruk som difteri-lasarett….Alle skuler er stengte og det er møteforbod yver heile heradet…»
Når me ser korleis dei med mynde kjempa mot smitte i vår nære fortid, er det viktig at me alle er lydhøyre og prøver å fylja råda deira i desse koronatider.
Munnleg kjelde: Anna Barmen – f.1929
Skriftleg kjelde: Bladet Sunnhordland
«Sunnhordland» 23.november 2020
Oddbjørn Kvålsvold

