Fotballhistorie frå Nordbygdo

Jon Lunde ( f. 1932 ), veteran frå fotballmiljøet i Nordbygdo, har fortalt livsminne knytta til fotballkarieren sin i Nordbygdo.


Eg var 16 år og fotballinteressert då bror min, Tor, saman med Per B. Tyse og Birger Søreide i 1948 tok initiativ til å starte fotballag i Nordbygdo. Namnet blei Trott. Det første forslaget var Drott, men det blei nekta fordi eit anna lag heitte  det same.


Laget fekk låne grusbana på Seminariet, ei mindre bane enn slik ho seinare blei.

Vi var for få i bygda til å stille lag, men var heldige å ha lærarskulen/seminariet her, så vi fekk med elevar derifrå. Eg hugsar ein som heitte Solheim frå Fjellberg, Olav Hole frå Osterøy og Frette frå Etne bl.a.


På den tida reiste ikkje elevane heim i helgane, dei budde på hybel rundt om på gardane. Slik blei vi i stand til å stille fullt lag, men vi hadde ikkje heimebane for kampar.  

Vi heldt på fram til -53, då stoppa det opp p.g.a. for lite folk til å stille lag. 


Vi spelte kamp kvar helg i sesongen i desse første åra, og vi var både i 4. og 5. divisjon.

Vi spelte mot lag i Sunnhordland, men også mot Odda.


Det var langt til Odda. Vi reiste med skøyta til Søren Larsen frå Skottaberg, først til eit nes i Etnefjorden der vi blei henta av ein lastebil.  Vi sat på trebenkar på eit lasteplan med tak over.


Etter kampen var det same, lange  vegen tilbake. Men dette var den lengste transportetappen vi hadde. 


Vi betalte kontingent, men det rakk nok ikkje så langt for å dekke ugifter til transport m.m., så vi hadde dansetilstellingar, leigde Turnhallen kvar 14. dag, og fekk inn pengar på det.

Draktene var T-skjorter med blå stripe, overtekne frå Marinen sitt overskotslager, og elles hadde vi kvite shortsar.


Seinare blei det svarte drakter med stort Trottmerke på brystet. 

Hardaste motstandaren var Solid. Vi var patriotiske, så det var veldig viktig å slå dei. Men det gjekk begge vegar!


Vi trente to gonger i veka. Leif Steensohn var trenar. 

Det var ikkje så kjekt når nokon ikkje møtte til treninga, så stort sett møtte vi opp alle.

Kampane var ofte på Åsbana. Men det var helst lite publikum, mest når det var kamp mot Solid.


Trott låg nede til 1967.  


Frå 1952 til -54 var eg i militære i 18 månader, i luftforsvaret, stasjonert på Forus og på Lista. Lista var ein helsikes plass, bles støtt. Men eg var heldig og fekk jobbe på snikkarverkstad med sivil sjef. Øvingane måtte eg vere med på.


Tilbake frå militæret, melde eg meg inn i Stord, og blei der i 8-10 år. Då Trott starta opp igjen, melde eg meg inn der, det var våren  -67 .


Harald Tveit var pådrivar for gjenoppstarten, og blei leiar. Per Steinar Lunde var UK.

Første treningskampen tapte vi 10 -2 mot Solid.


 Treningsbana var framleis grusbana på lærarskulen. Trur at fleire etterkvart forlangte å få trene og spele på gras, og då måtte vi på Vikahaugane. Det kom grasbaner fleire plassar etter kvart på den tida. Vi spelte i same fotballkretsen då også, kom ikkje høgare i Trott. Men mens eg var i Stord , blei vi kretsmeister fleire gonger. 


Vi vaks til fleire i Nordbygda på 60-talet, men vi hadde også spelarar på laget heilt frå Kårevik, men mest herifrå.


Dessuten hadde vi fleire med frå lærarskulen, Carsten Selbakk og Wilhelm Sjøvoll t.d. hevda seg, og vi klarte oss bra.


Eg var med på A-laget i mange år, seinare på B-laget, og var aktiv då begge sønene, både den eldste, Roar, og den yngste, Atle, var aktive i Trott. Og eg spelte på Old boys-laget til eg var over 70 år.


Eit langt og godt liv med fotballen, med mange opplevingar.


Vi hadde kjekke treningsleirar i Skånevik bl.a.  Dette var familieleirar om sommaren.

Med Stord var eg på treningsleir i Danmark, i Roskilde, på eit nydeleg anlegg. Vi køyrde gjennom Sverige på heimturen og vidare til Skien, der vi spela kamp mot Skien Grane, og vann.


Leif Steensohn var trenar då også, så vi var innom der han var i frå, på nedtur til DK og spelte uavgjort mot Grimstad.


Vi spelte mot Roskilde to gonger på Åsbanen, ein uavgjort kamp, og eit knepent tap på heimebane.  


Vi var også på gjenbesøk i Roskilde i- 56. Ein kamp med knepent tap, den andre tapte vi 7-4.


Bror min, Tor, snakkar enno om eit mål eg skåra då. Eg spelte i venstre løparrekka og kom inn mot spissen på 16 meteren og smelte ballen i mål med venstrefoten. Eg var ganske god i begge beina, og kunne vere treffsikker med venstrebeinet også.


Trott hadde 50- årsjubileum i 1998 med stor fest i aulaen på Lærarskulen.


Det blei delt ut premiar og utmerkingar. Og då fekk eg høyre at det var eg som hadde flest obligatoriske kampar i den årsklassen i heile landet. Eg fekk to lysestakar frå Hordaland , og dessutan diplom frå Norges fotballforbund, saman med fleire andre på laget.


Det var ikkje så enkelt for meg i ungdommen, budde heime på garden, var i arbeid, men skulle hjelpe til i slåtten og alt anna. Difor kjøpte eg traktor for å bli tidlegare ferdig, ein liten Gråtass, saman med slektning og nabo, Per Lundemannsverk. Det blei ikkje noko betre, for det var berre eg som kunne køyre. Det var ikkje anna å gjere enn å bli ferdig med arbeidet, hive seg på sykkelen att og fram til treninga. Eg sykla på jobb også, så då seier det seg sjølv at det ikkje blei mykje fritid til andre gjeremål.


Det vil seie; eg var også med i litt friidrett, ikkje berre fotball, og så ski, sjølvsagt, når det var snøvintrar. Eg likte best spydkast, var ein av dei beste i Sunnhordland, fekk bronsemedalje med 48 meter i Sunnhordlandsmeisterskapen.



Så sjølv om dei fleste hugsar fotballspelaren Jon Lunde best, er det ein allsidig idrettsutøvar vi har fått innsyn i livsminne frå.

 Det takkar vi så mykje for !  


«Sunnhordland» april 2020

Kjellbjørg Lunde  har skrive ned historia etter Jon Lunde