«Frykteleg gammal» buplass
Det blir bora og sprengt, grusa og knust i området på Heiane Vest der steinalderbuplassen ligg. Og der han har lege i 9.000 – 10.000 år. Tre veker på seinsommaren 1994 var arkeologar i sving for å kartleggja buplassen. Då var det som ein del av førebuingane til Trekantsambandet, bompen- geprosjektet som går like ved og som i desse dagar er nedbetalt.
Dette er ein av dei finaste og beste buplassane eg har vore med på å grava ut, sa feltleiar Morten Kutschera til Sunnhordland 15. september 1994.
Han kunne fortelja at dei hadde funne seks-sju økser, den største 15-20 centimeter lang. Ei av dei finaste som er funnen i landet, slo Kutschera fast, og meinte dei må ha vore hand verkarar av rang dei som har vore på buplassen.
Me har funne om lag tusen flintavslag på denne buplassen, i og for seg ikkje så mykje. Derimot har me funne kring hundre klart definerte reiskapar, som er eit uvanleg høgt tal i høve til avslaga. Slik sett er denne buplassen eine ståande, konstaterte feltleiaren.
Professor Svein Indrelid ved arkeologisk institutt Universitet i Bergen meinte funna i Djupadalen viste at dette er ein svært gammal buplass.
Han er frykteleg gammal, med dei alle eldste i Noreg og den eldste på Stord. Ein fin og interessant stad som fortener merksemd, og som er viktig for alderen, sa Indrelid, som fann plassen så verdfull at han vurderte å be vegkontoret om å flytta vegen så mykje at buplassen ikkje vert råka om Trekantsambandet blir bygt. Det er -både bygt og betalt, så spørst det korleis det går med den stein-gamle steinalderbuplassen når dei på ny grusar på for fullt i området.
Sunnhordland presenterer fotografi og sak
Lars Mæland

