Strandheims Hotell ved seminaret
I jubileumsbøker som skildrar soga om lærarutdaninga på Stord frå etableringa i 1866 fram til i dag, har både Anstein Lohndal og no sist Egil Nyseter, fortald om korleis elevane på Stordøens Seminarium vart innhyste på gardane i Nordbygda. Men og dei meir profesjonelle husværa er omtalte, både huset som Peder Lundemannsverk bygde i Breivikjo og seinare internata som skulen sjølv sette opp. Men at ekteparet Lundemannsverk dreiv hotelldrift i mange år i Breivikjo, har eg ikkje «snappa» opp før barnebarnet deira, Per Lundemannsverk, fortalde meg dette.
Hotellet nær sjøen ved seminaret var nok vide kjent. I ein katalog som kom ut i Christiania i mai 1912, står fylgjande: «Strandheims Hotel – Seminariet , Stord – Anbefales tilreisende – Indeh. P. Lundemandsverk». I forordet til katalogen står dette: «HOTEL-ADDRESSEBOGEN FOR NORGE, som vi nu udsender i 4de Udgave, er udarbeidet i den hensigt at veilede det reisende Publikum med Oplysninger om Landets Hoteller, samt om Jernbane- og Dampskibsruterne. Boken indeholder en fuldstændig Fortengnelse over Landets Hoteller, Pensionater, Sanatorier og faste Skydsstationer osv ….»
I samtalen med Per Lundemannsverk fortel han om huset besteforeldra, Eline og Peder (Per) Lundemannsverk etablerte i Breivikjo år 1900, der dei dreiv med overnattingsgjester og full forpleining i ca. 20 år. Huset som er i sveitserstil, står der framleis og vitnar om ei tid med utvikling i Nordbygdo og stor trong for innhysing av seminaristar og andre. Per fortel at mormor og morfaren hadde drifta som leveveg fram til dei overtok garden på Lundemannsverk. I vinterhalvåret var det mest seminaristar med full forpleiing som budde på Strandheim, men og agentar og andre reisande. Om sumaren var det einslege eller familiar som ferierte hjå besteforeldra, og var gjester med full pensjon. Korrespondansen mellom gjester og mormora fortel om sommarferierande som tinga same rom som tidlegare år. Agentar som var ferdige med sine varepresentasjonar på Leirvik, vart henta med hesteskyss når dei skulle til forretningane på Rommetveit. På denne tid var det dampbåtane som batt Sunnhordland til byane både i nord og sør. Både Seminaret og Leirvik var faste stoppestader.
Huset hadde kjøkken og tre stover i 1. etasje, samt 2 mindre soverom. Oppe var det to store salar og tre soverom. Stallen romma hest og uterom og eit overnattingsrom som var i bruk om sumaren. Besteforeldra pakta og ein del av jorda på lærarskulen og disponerte løebygg for husdyr der.
Tradisjonen fortel om ein gong far til Per som 15 – 16 åring var til Leirvik for å henta ein agent. Den reisande hadde nok teke både ein og to kjøpdrammar på Leirvik og var «lystig til sinns» då han sette seg opp i stolkjerra til Peder. Agenten ville at skysskaren skulle køyra om Hagagardane, for han hadde kjenningar i grenda. Peder rådde frå, då han visste at vegen om Haga var skral med mange hol. Men kunden sto på sitt og køyreturen gjekk om Haga. På vogna var det mjuke langfjærer så denne dissa monaleg kvar gong eit hjul råka eit hol. Ute på jordene i Haga dreiv nokre og tok opp poteter, og agenten letta på hatten og vinka. Men nett då råka hjula eit stort hol og agenten vart vippa ut av kjerra og trilla ned skråninga mot åkeren. Soga fortel om ein mindre kaut mann som tutla seg attende til stolkjerra.
Munnleg kjelde: Per Lundemannsverk f. 1937
Skriftleg kjelde: Hotel-adressbok frå 1912
«Sunnhordland» fredag 15. april 2016
Oddbjørn Kvålsvold


