Gode opplevingar i naturen
For oss som er glade i fjell, skog og mark, gjev Stord mange gode opplevingar og minneglimt frå eit variert landskap. Sjølv har eg gjennom 60 år fått mange gode synsinntrykk som har festa seg på hjerneborken frå turar i ein variert natur. Stord er på mange måtar eit Noreg i miniatyr. Dei store rovdyra er forlengst borte, men stadnamn som Bjørnahiet og Ulvatjørndalen vitnar om at dei har våre her. Reven er òg vekke, men eg får påminningar om at det har vore rev på Stord, når eg fyljer skogsvegen vest for Ulvatjørna og passerer Revasteinane eller går framom Revabåsen på stien mellom Stuva og Falkåsen.
Gunnar Høgås som eg hadde samtale med i 2012 er ein av dei som har nytta friluftslivet på Stord til fulle. For Gunnar vart friluftsliv, jakt og fiske ein viktig del av livslaupet og spesielt etter at han kjøpte ei hytte litt nord for den austre Stuasetertjørna i slutten av 1950-åra. Dette var ei hytta bygd av gamle kassefjøler og spikrane var gjenbruk. Gunnar fortalde meg at han ofte pakka sekken, tok geværet på aksla, og gjekk til fjells rett frå ettermiddagsskift ved midnatt på fredagskvelden. Vintersdagen med mykje snø var det tungt å brøyta seg veg opp til hytta. Traseen han ofte gjekk var inn Stordalen og opp Bjørnastegen til hytta som den gong var lita, trekkfull og held ikkje på varmen. Men friluftsmannen fortel om dei gode kjenslene det var og koma opp til hytta og kjenna strålevarmen frå omnen og prata med hunden om komande jaktdag. På denne tid var det mykje småvilt i området og forventningane før ei jakthelg i fjellet var det gode liv for gruveguten. Han fortel at det var, «tjåkande fullt med orrfugl og rypa. Ja, det hendte at rypeflokkane fauk over hyttetaket».
Hundane han hadde var dei beste turkameratane gjennom mange år, han fortel om buhunden som likte å sitja bak på bagasjebrettet på sykkelen. Om cocker spanielen som henta endene han skaut i Storavatnet. Og beagle’n han jakta med i 13 år, var ein fantastisk harehund, og god «samtalepartnar» på fjellturane. Engelsk setter’en var og ein av friluftsvenene Gunnar fortel om. Denne var flink til å finna fugl i mange år, men etter kvart fekk den større interesse av teften av hjort.
Mellom forteljarane mine som har hausta vilt i skogane på Stord er òg Rasmus Haga. Rasmus var ein ivrig jeger både av storvilt og hare i mange år. Kanskje er kronhjorten han la i bakken oppom lysløypa ved vassverket ein av dei største frå skogane på Storden? Ein hjort med slaktevekt på 150 kg. Rasmus arbeide i Nordsjøen på denne tid, og kom heim til friperiode på valdagen. Sjølv om haustdagen var både sur og våt reiste han til Vikjo og kjøpte seg eit nytt regnsett, før han og komande svigerson Vikanes, køyrde til fjells. Rasmus fortel at jaktspenninga vart utløyst mest alt for raskt, då dei etter kort tid gjekk rett på hjorten som hadde søkt ly i striregnet. Ja, eit velretta skot med gjeverstøtte frå ein furulegg la kjempen i bakken. Rasmus jakta på Sigmund Økland sine jaktrettigheiter og det var Økland som vart med og slakta storbukken og stadfesta slaktevekta.
Munnlege kjelder:
- Gunnar Høgås (1934- 2017)
- Rasmus Haga f. 1935
«Sunnhordland» 30.juni 2021
Oddbjørn Kvålsvold

