Julabåten

I gamle dagar var «julebåten» eit velkjent nasjonalt fenomen. Det var det siste skipet før jul frå Amerika til dei store byane med passasjerar, post og appelsinar og andre eksotiske varer. Den siste julebåten kom til Bergen i 1967. Tre år tidlegare melde «Sunnhordland» at julebåten «Bergensfjord» var komen til Bergen med 553 passasjerar om bord etter ein fin sju dagars tur over «dammen». Båten som hadde med 2000 sekker med post, vart motteke med musikk og song.

Men også Stord hadde lenge sin «julabåt». Men den var av eit anna slag, ein fast tradisjon godt formidla i denne avisa. Den 26. november 1926 kunne ein under overskrifta «Utlodning til hjelp for dei fatige til jul», lesa at fru fylkeslækjar Backer «som no i mange år har gjeve ein ting til utlodning for fatige til jul, hev iår forært ein færingsbåt til dette fyremålet.» Lodd var å få kjøpt hos kjøpmann K. Knudsen og i Mjelkeutsalet på Leirvik, hos Saue i Sagvåg og hos Søreide på Seminariet (Rommetveit). Rikka (Ulrikke) Backer var gift med distriktslege og fylkeslege Paul Backer som Backertunet er oppkalla etter. Båten vart bygd hos Sigurd Oma i Strandebarm, og skulle vera ferdig til 15. desember kunne soknepresten opplysa. Det galdt å ta lodd: «for iår er der desværre så altfor mange som kan trænge en håndsrekning til jul.»


Ideen hadde ho nok fått frå Leirviks kvinneforening for sjømannsmisjonen som då i nokre år, i alle fall sidan 1921, hadde toppa sin årlege basar med ein færingsbåt. Fru Backer stod for innkjøp av båten i tolv år, til og med 1937. Det året døydde Paul Backer 75 år gammal då han var på sjukebesøk i Storavikjo i Fitjar, og Rikka flytta året etter til Bergen.


Men julabåten var då blitt ein fast tradisjon som soknerådet tok over. Færingen, ein strandebarmar, var eit fast innslag på Vikjo før jul. Til å byrja med stod den i mange år utanfor K. Knudsen oppe i Borggata. Og til i 1960-åra vart den levert frå den same båtbyggjaren. Men ei ny tid banka på. I 1966 hadde båten fått litt nyare «sveis» akterut, slik at det var lettare å bruka påhengsmotor. I 1968 og fleire år frametter var båten av plast. Men trebåtar var ikkje gått heilt av moten. Eitt år er det tale om ein Ranabåt, så kom det ein strandebarmar og også oselvarar (bygd på Sunnhordland Industri og på Tysnes).


I 1967 skreiv formannen i soknerådet, Per Almås, at det også då var ein og annan som trong til ei hjelpande hand «trass i at samfunnet no yter mykje til sosial hjelp.» Blei overskotet større enn det som trongst til utdeling, hadde difor soknerådet vedteke at det overskytande skulle gå til kyrkjebygg for Sagvåg og Litlabø, ein gong nemnt som «Solhøgda kyrkje»! Berre få år etter gjekk så heile overskotet til den planlagde kyrkja, og i 1984 skifta soknerådet namnet til «Kyrkjebåten», men den vart framleis her i avisa omtalt som «Julabåten». I alt kom det inn ein million kroner til kyrkja. Rett før jul 1991, for 25 år sidan, var det kyrkjevigsle på Nysæter. Det var difor ikkje så unaturleg at 1992 vart siste året (skal ein tru «Sunnhordland») med ein julabåt som del av julestemninga på Vikjo.


Kjelde: Sunnhordland sitt digitale arkiv, der du også kan sjå kven som vann båtane.


«Sunnhordland» måndag 19. desember 2016


Egil Nysæter