Smeden og smia

Foto: Oddbjørn Kvålsvold

Frå lokalhistoria kjenner me til mange smedar som vert omtalt med vyrdnad på grunn av sitt renommé som fagperson. Tradisjonen fortel at smedane Olav Bjørnberg og Haakon Koppang som arbeidde i borsmia ved Litlabø Gruber var viktige fagfolk i produksjonen.  Det var desse som hadde ansvar for å kvessa  mineborane som vart nytta før moderne boreutstyr vart teke i bruk etter 1945. I «Smio på Vikjo» var det smeden Alf Åsen og seinare Ola Litlabø som var dei mest profilerte smedane fortel informantane mine. Ein annan kjent smed på Stord var Olaf A. Gjesdal som i 1941 starta smie på Ådland. Av skriftlege kjelder ser eg at Gjesdal dreiv ei omfattande bygdesmie, med produksjon av prydkunst i smijern, gitterportar og reperasjonar av landbruksmaskiner og bilfjærer.                                                         


Dei mange smiene som var i drift i vår nære fortid, var viktige arbeidsrom for dei små og større verkstadane. Sjølv var eg 4 månader av læretida mi hjå smeden Mikal Tveita i smia ved Stord Verft der beslag, spesialverktøy og kilar vart forma.


I det fyljande vil eg fortelja litt frå eit opptak eg gjorde med Paul Magne Storebø i 2013. Han fortel om sitt første møte med smedyrke i 10-årsalderen. Det var faren som trong hjelp til å kvessa borar då dei skulle skyta vekk nokre bergnebbar rundt huset. Paul Magne minnast at smeden som hjelpte dei, herda borestålet ved å stikka boren ned i molda. Ein herdemåte som gav varierande kvalitet på egga. I slutten på tenåra fekk Paul Magne høve til eit skuleår ved Framnes ungdomsskule i Kvam. På skulen var det den flinke smeden Alfred Aa som underviste i smedyrke og varmehandsaming. Her fekk han både sjå og prøva korleis stålet skifta farge etter temperaturen og smi og forma både beslag, reiskap og kvessa borstål. Under kjøling i vatten var det viktig å forstå korleis varmen  «løpe an mot egga» ved herdeprosessen. Etter vinteren på Framnes fekk Storebø lærlingplass ved Bergen Mek. Verkstad (BMV), der han fekk eit spesialoppdrag av arbeidsleiaren; smi og fila til ein «hane» på eit gjever han laga «på privaten». Dei grunnleggjande kunnskapane Paul Magne fekk på Framnes i fileteknikkar var avgjerande for at han lykkast som «børsesmed». Etter fagutdaninga ved BMV byrja Storebø som faglærar ved  yrkeskulekurs og vart seinare faglærar ved Stord Yrkesskule då  den opna i 1977. 



Smia Paul Magne Storebø bygde på Langeland, er ein plass der det gamle handverket vert helde i hevd. Sjølv har eg råka på knivselgarar på messer i Sunnhordland som fortel at knivbladet er kjøpt hjå smeden på Langeland og er av jamn god kvalitet. I ein detaljert gjennomgang av metoden han nyttar, får eg kjennskap til dei faglege finessar. Grunnmaterialet er platekapp med rette karbon- innhald og til eggstål nyttar han stålbetar frå gamle sagblad. Spillolje vert brukt til kjølemedium ved herding og eit 20- 30 minuttar opphald (anløpe) i bakaromn på 200-240 gr. gjev jamn god kvalitet på knivbladet. Ein god kniv må vera lett å setta opp og halda godt på bite, understrekar knivsmeden på Langeland.


Munnleg kjelde: Paul Magne Storebø – f. 1934

Skriftlege kjelder: Gruva – 100 år v/ Øyvind Bjørnson – 1991


«Sunnhordland» 9. juni 2021


Oddbjørn Kvålsvold