Husbyggjar gjennom eit langt arbeidsliv

Foto: Bilete er lånt hjå Sunnhordland Museum

Ein av dei som har opplevd og hugsar korleis husbyggarane hogg til og reiste laftehusa er Arne Berger, som no er gått bort. I 2014 fortalde han meg «om eit liv som snikkar», like frå då han som smågut stod og saug inn inntrykk frå dei som øksa til hus for «Vindufabrikken» på Leirvik, der firmaet Ådland og Sortland heldt til. Arne ser for seg Vikjo slik ho eingong var, og fortel om Naustneset der byggefirmaet disponerte eit område. Hit kom tømmeret i lengder som var tilpassa materialista for å få minst mogleg kapp. Ja, for på denne tida frotsa ein ikkje i trevirke, fagfolk sette si ære i å utnytta materialane mest til siste tomme. Han hugsar godt korleis dei hogg til laftehus og kva fagnamn det er på dei forskjellige samanføyingar. Før huset vart teke frå einannan på Naustneset, merka dei stokkane slik at nav og losholtar fann sin rette plass når det skulle reisast oppatt på grunnmuren.


Dei mange stundene ungguten nytta til å fylgja med på «hus reis deg» gjorde inntrykk. Tømmerfaget vart yrkesvegen for Arne Berger. Etter eit kurs i snikkarfaget og ein periode som trillebårmontør hjå Fjeldtveit på Ådland, vart det læreplass i firmaet til Jakob og Martin Klippen. Desse bygde på denne tid hus i Nedre Hagebyen for AS Stord. Det var bindingsverkshus verksemda sette opp i 1948, og byggmeisteren hadde 7– 8 mann tilsett. Byggemåten var tidkrevjande med berre bruk av handverktøy og muskelkraft. Det vart nytta reisverk av 2×4 tommar og 4×4 ved hjørne og vindu, fortel Arne. Teikningane som byggmeistrane sjølve laga var enkle, så detaljane måtte lærast. Husa vart avstiva med diagonalpanel utvendig før forhudingspapp, utlekting og bordkledning. Som læregut var det mykje skjering i langved for Arne, og «krabbing» (tilpassing) var tidkrevjande med mange problem, for byggmeisteren ville ikkje sjå ei glipa. Handsagene hadde ikkje den kvalitet me har i dag med herda sagblad, så oppsetting av sagene var viktig. Ikkje minst var det ei utfordring å få til ei god langvedsag. For husbyggarane i dag er nok verktøykassen til Arne Berger i siste halvdelen av 1940-åra noko enkel; hammar, to handsager, eit sett stemjern, vater, øks, kniv, fil og bryne. Det var inga elektrisk sag på byggeplassen på denne tida, og sjølv vanleg handverktøy var mangelvare i etterkrigstida. Seinare arbeidde Arne Berger hjå forskjellige byggmeistrar før han tok til for seg sjølv. Han nemner både Albert Bjelland frå Sunde og Olaf Nysæter. Nysæter arbeidde han hjå under oppføringa av STOBO sine rekkehusvære i Lønningsåsen i midten av 1950-åra. Han hugsar at i denne perioden vart han svært interessert i fagforeiningsarbeid og engasjerte seg i Stord Bygningsarbeiderlag. Arne fortel at det var ein viss motstand hjå enkelte byggmeistrar dei fyrste åra. Men foreininga ynskte oppmåling og akkord, som etter kvart vart akseptert også på Stord.

Arne Berger fortel om dei store endringane han var med på i sitt yrkesaktive liv. Det vart slutt på å spikra opp diagonal paneling utvendig, og det vart nytta ulike bygningsplater både utvendig og innvendig på husa. Trefiberplatene virka òg som avstiving når dei var spikra forskriftsmessig, og ein tok i bruk nye typar isolasjonsmateriale som glasvatt og steinull. Arne fortel om korleis forskjellig taktekking hadde sine periodar, med glaserte og uglaserte hollandske panner, bølgjeeternit og eternitskifer, icopal- og shingelpapp, og nye typar sementstein.



For Arne Berger var det eit nytt vegskilje då han vart plassrepresentant for Block Watne, og tok til å byggja hus for dei. Desse hadde ulike hustypar og planløysingar som mange unge familiar tykte vel om. Dei enklaste ferdig tilskorne husa med prefabrikkerte takstolar brukte han 300- 400 timar på. Husbyggjar må tolerera mykje høgare timeforbruk på ein arkitektteikna bustad med alt mogleg fiksfakseri. Prisen vart deretter, avsluttar veteranen innan byggefag Arne Berger.

Munnleg kjelde: Arne Berger – (1923 – 2016)


Sunnhordland» 13.11.17.


Oddbjørn Kvålsvold