Børtveit kraftstasjon – maskinmesteren fortel
For grenda Børtveit på Stord vart det store omveltingar i lokalsamfunnet i 1919. Stordø Kisgruber hadde trong for meir elektrisk kraft, og verksemda hadde ei tid vore på utkikk etter vassdrag som kunne byggjast ut, fortel Anders Børtveit, mangeårig maskinmeister på kraftstasjonen. Som ein del av utbyggingsvilkåra fekk kvar av dei to gardane på Børtveit 12 Hk (ca. 9 kW) gratis straum til rådvelde, og avtalen er gjeldande så lenge svinghjulet på kraftstasjonen svirrar rundt. Ja, dei «fråtsa i straum», hugsar han, og konsesjonskrafta fekk stor verdi for seinare gardsdrift. Som døme på dette fortel han om broren Bjarne, som nytta mykje straum til hønseriet og utruging av kyllingar.
Anleggsdrifta som tok til i 1918, var arbeidskrevjande og tungvint sett med dagsens augo. Anders fortel historier om svenske og finske rallarar som kom til Børtveit med fagkunnskap, og som budde i brakka oppe ved Svartevatnet. For oss som er vane med moderne teknisk anleggsdrift, med helikopter-transport og tunneldriving med moderne laserstyrte boreriggar, kan vanskeleg ta innover oss kva fysiske påkjenningar denne driftsforma hadde. Før taubanen kom i drift, måtte sand, sement, dynamitt og utstyret berast på ryggen opp den bratte lia. Mykje betong skulle blandast for hand til fundament for røyrgata, damanlegg og forstøypingar. Rallarane som kom til Børtveit, var kjentde med tungt fysisk arbeid og ytte mykje rå muskelkraft i lag med lokal arbeidskraft før anlegget sto ferdig i 1922. Som ein del av første byggetrinn vart det slege ein 450 meter lang tunnel frå Nonstadmyrane og inn under Svartevatnet.
Tunnellen frå Svartevatnet til Strupen i Tjødnadalen er på 700 meter og vart driven for hand, fortel Anders. Tunnellmassane vart transporterte ut med vogner som dei lasta opp med grafsa og trog. På slike anlegg vart og mykje lausmassar transportert med trillebårer. Smia til anlegget var plassert ved Nipen der tunnellinnslaget var. På denne tida var smeden ein av nøkkelpersonane på anlegget og hadde mykje å seia for framdrifta. Ein dugande smed skulle aldri bomma på herdinga av borestålet.
Om arbeidsforholda var primitive sett med dagsens standard, var ikkje brakkelivet særleg betre. Brakka ved Svartevatnet hadde eit stort rom som vart nytta til opphaldsrom innreia med to køyrekker med seks liggeplasser. Rommet vart òg nytta som matrom (pauserom) og arbeidskleda vart turka på snorer under taket. Samtidskjelder fortel frå brakkelivet at dei sveitte og vasstrekte kleda gav frå seg ein sterk eim og ubeskriveleg lukt. Anleggsbrakka hadde og eit lite kjøkken og soverom for kokka. Oppe på lemen var det sovesal for anleggsfolka. Det var tilrettelagt liggeplassar på begge sider av ein smal midtgang med hovudet ut mot ufsa, fortel Anders. Soveplassane var avdelte med eit trebord på høgkant mellom kvar sengeplass, og sponmadrassar var sydde av jutesekker. Den personlige hygienen vart ivareteken i gangen der hyller med vaskefat var plasserte, og borte i skogkanten var det bygd eit luftig utedo som dei 15– 20 anleggsfolka nytta.
Dette er litt frå soga om utbygginga av Børtveit kraftstasjon, slik Anders Børtveit fortel etter tidligare maskinmeister Ludvik Olai Tungesvik (1899-1979). Tungesvik var med på anlegget frå starten av og fortalde Anders om eit arbeidsmiljø og ei driftsform som er fjernt frå dagsens anleggsdrift. Vassrettane som dei to børtveitgardane selde i 1918, fekk mange positive verknader for stordsamfunnet. Ikkje minst skaffe anleggsdrifta ny aktivitet og arbeidsplassar i ei vanskeleg etterkrigstid. Kraftstasjonen som skulle sikra nok straum til nye-heisen i gruva, gav òg straum til elektrisk ljos i alle arbeidarheimar, slik at parafinlampa kunne skiftast ut med moderne ljoskjelder. Dette var starten for Børtveit kraftstasjon, men i 10-åra som følgde bygde eigaren vidare ut med nye vasstunnellar og damanlegg , avsluttar Anders Børtveit.
Munnleg kjelde: Anders Børtveit- f.1928
«Sunnhordland» måndag 17. juli 2017
Oddbjørn Kvålsvold

