Snikkarverkstaden til Hallvard i Holo

Foto: Privat

Mange av dei som har fortalt livsminne frå oppveksten i Leirvikområdet, har nemnt snikkarverkstaden oppe i Holo og lageret som vart nytta nede i Osen. Spesielt var sjøhuset, der likkister vart lagra, litt «skummelt» å gå framom på kveldstid. Lageret vart av mange kalla «Likhuset», sjølv om alle visste at naustet berre var eit mellomlager for ferdige kister. Men for ein av forteljarane mine, Hans Anderssen, var dette ein del av kvardagen. Hans vaks opp i Holevegen og hadde snikkaren til bestefar. Kistene han laga var ein del av oppvekstmiljøet, og han hadde eit naturleg forhold til produktet .


Bygdeboka for Stord, bind II fortel om bestefaren på morsida: « Hallvard Olai Hansson Dahle, f. 1874, bygsla Holo i 1900. Han var frå Fjelberg og utlærd bøkkar. I 1927 fekk han kjøpa plasset.»

I ei «Mindebok» som familien har teke vare på, skreiv Hallvard med sirlig skrift om mange kvardagshendingar og om glede og sorg. Notata tek til i 1902 og held fram til siste verdskrigen. Eit døme på dette er 8. og 9 mai 1919; «hos Reinert Lervik i pliktarbeide om vaaren». Hallvard noterte 1. november 1921; « Blåste en orkanagtig storm som foraarsaket stor skade samt omkom Ole Hansen Økland i Odlandsvandet. Vinden blaaste frå norvist»


Vidare er det bak i boka eit oppsett over kisteproduksjonen dei første åra.

« 1925 18/6 Aabnet Likkisteforetning, i same aar levertes 18 Likkister … påfølgende år levertes; 40, 38.48,42, 40. 60 og 73 kister».


Hans Anderssen har mange minne frå verkstaden der han gjekk bestefaren til hande, men måtte passa seg for ikkje å «gå i vegen». Av verktøy med motorkraft hugsar han sirkelsag, planhøvel, liten dreiebenk og bandsag, utover vanleg handverktøy. Verkstaden hadde og fres, som vart nytta til profilering i overflatene på kistene. Materialane som vart nytta i likkistene, skulle vera av beste kvalitet hevda bestefaren. Mest mogleg kvistfri alebord som var 8 til 12 tommar breie og knappe 1 tomme tjukke. Borda vart kanthøvla og limte saman etter behov.


Hans hugsar eit herme om ein gong det vart kjøpt tømmer på nedre Litlabø. Tømmer -stokkanne vart fløytt til saga i Sagvåg, og her oppdaga kistesnikkaren ein stabel bord av beste kvalitet. Snikkaren frå Holo foreslo ein «romsleg» byttehandel, mot dei kvistfrie plankane av innved, men sagmeisteren avslo. Desse materialane skulle nyttast til hus, fortalte sjefen på saga, men fann lite forståing hjå kistesnikkaren for dette.


Hans Anderssen fekk ikkje ta med seg andre born på verkstaden til besten. Han var redd dei skulle skada seg på maskinene, sa han. Men sjølv fekk Hans sjå på at kistene vart laga, store og nokre små. Dei vart malt kvite, svarte og nokre lasert med eikefarge Så vart dei pynta med stjerner og pyntelister i gull og sølvfargar. Stjernene vart laga av tynne fortinna metallplater. Før loket vart sett på, vart det lagt spon i botnen med klede over. Dei ferdige produkta vart trilla ned til lageret i Osen på ei spesiallaga bårevogn. Her vart kistene mellomlagra før bruk eller sending med båt. Snikkaren i Holo, hadde omsetnaden i nærområdet og Sunnhordland, men kister vart og sende med båt inn Hardangerfjorden. Hallvard i Holo døydde i 1954, 80 år gamal.


Munnleg kjelde:           Hans Anderssen- f. 1937

Skriftleg kjelder:     Stord bygdebok, bind II

                    Minnebok etter Hallvard Dahle


«Sunnhordland» fredag 5 . nov 2015


Oddbjørn Kvålsvold