Vassverket i Vatnadalen vart redninga
Ein av dei som har følgt byggeaktiviteten på Stord i over 60 år som fagmann, er Per Tyse. Han vart tilsett som anleggsingeniør hjå W. Engelsen Ettf. og tok del i dei store utvidingane ved verftet i slutten av 1950-åra. Per Tyse har hatt medansvar for mange av dei store byggeprosjekta som me har vore vitne til i denne tidsbolken. I samtalen eg hadde med han i 2013, fortalde han om eit av dei tiltaka som har kome dei aller fleste ibuarane i kommunen til nytte, utbygginga av Ravatnet.
Prosjektet starta med å grava ut lausmassane for vassverket sin inntaksdam oppe i Vatnadalen. Mange av oss eldre hugsar at her sto kraftverket som Ola O. Vatna var primus motor for då det vart bygd 1912 -13. Dei nytta skogsvegen opp frå Øvre Økland som tilkomst, og det var mykje transport av sand, singel, armering og sement før støyping av dam og betongmurar kunne byrja. Dette var ei tid då støyp vart blanda på byggeplassen, og mykje av arbeidet vart utført med muskelkraft. Den første delen av grøft for røyrtrasseen frå Vatnadalen til Lønnig vart utført med ei enkel vaier gravemaskin, og ein liten transportabel kompressor som skaffa pressluft til handmaskinene. Men den tidlegare anleggsingeniøren poengterer at det vart mykje fysisk arbeid med grafsa, brett og trillebår på denne tid. Betongen til ventil- og kloringshus langs røyrgata vart plassblanda, for blandeverket på Brattestø var enno ikkje kome i drift. Eternittrøyra som vart nytta til vassleidningen, vart utkøyrt langs trasseen av bøndene Lars Fjæra og Arne Vatna. Dei nytta hest og tømmerdoning til transporten, fortalde Per Tyse.
Det var ein merkedag i stordabuen sin kvardag då Ravatnet kom i springen 8. januar 1962. Sunnhordland fortel at kl. 9 denne dagen vart den nye vasskjelda kopla inn på leidningsnettet. Men store delar av ibuarane hadde enno brønnvatn av variert kvalitet og mengde. Ja, mange merka vassløysa alt etter 14 dagar med opphaldsvêr, og sparing på vatnet var årvisst i sumarhalvåret..
Parallelt med dette vart det sett i verk arbeid med nye forgreiningar av leidningsnettet i kommunen. Så i 1961 vedtok kommunestyret å føra fordelingsnettet for Leirvik ut til Bjelland, Høyland, Eldøy, Kårevik og Horneland. Men kravet frå andre lutar av kommunen auka, og både Sagvåg / Litlabø- området og vassleidning til Rommetveit vart vedteke i kommunestyret i 1963. Sjølv etter denne utbygginga i midten av 1960-åra var det framleis huslydar som måtte greia seg med brønnvatn og kjelder. Men no var dei folkerikaste områda i kommunen forsynte med godt Ravatn i springane sine.
Munnleg kjelde: Per Tyse – f. 1927
Skriftleg kjelde: Yngve Skjæveland, « …steinalder til oljealder» – 2006
«Sunnhordland» 27.mai 2019
Oddbjørn Kvålsvold

