Glytt frå okkupasjonskvardagen for stordabuen

Foto: Oddbjørn Kvålsvold

Mange har ført i pennen historier om kor isolert Stord vart etter okkupasjonen i 1940. Eit øysamfunn uten vegsamband var avhengig av at varer skulle koma sjøvegen. Då sjøtransporten stoppa opp den første tida etter invasjonen, vart kjøpmennene snart tome for varer. Ja, det skorta snart på daglegvarer, kraftfôr, kol og koks, bensin og olja fortel samtidskjelder. Men ei aktiv kommuneleiing og ikkje minst forsyningsnemnd v/ formann Finn Haga, var med og fordelte lager og tilgang på varer etter beste skjønn.

 

I 2004 gav historikar Anstein Lohndal ut boka, «Stord under andre verdskrigen», i samarbeid med bladet «Sunnhordaland. Boka gjev oss små glytt av okkupasjonskvardagen stordabuen opplevde og kor lite varetilfang dei leiande i periodar hadde tilgjenge. Heller ikkje var alle villig til å senda forsyningsnemnda, dei opplysningane dei ynskte å få inn, og yta sitt til fellesskapet. Londahl fortel at heradstyremøte 15. juli 1940 handsama eit brev frå eigaren av eit småbruk på Kattatveit, skipsreiar Knut Knutsen O.A.S.  Han let ikkje vel over at «Stord formannskap» om våren hadde brote opp låsen på løa hans og teke alt høyet der. No kravde han betaling for dette tapet. Ordførar Severin Eskeland opplyste at forsyningsstoda var den gongen slik at ein fann det rett å ta dette høyet. Det var fôrnaud i bygda, og hjå Knutsen stod det ei løe full av høy, men ingen buskap fanst på gardsbruket hans. Heradstyret vedtok å leggja bort skrivet frå skipsreiaren, men la til at «han skulle få betaling for høystråi sine når heradet fekk betre råd».


Ein av dei eg har gjort opptak med, Svein Jonassen, har fortalt om den gongen Finn Haga tok kontakt med faren, Sigurd Jonassen, om eit transportoppdrag. Finn Haga fortalde at potetlageret på Stord var tomt, og det var krisestemning. Ja, for me veit at poteter og sild var «grunnpilaren»  i kosthaldet for mange under krigen. Men Finn Haga i forsyningsnemnda hadde fått kjennskap til eit potetlager i Trondheim . Sigurd Jonassen hadde på denne tida ei lita skøyta, «Rando», som lasta 85 tonn. No ynskte Haga at båten tok turen til Trøndelag og henta poteter. Kjøpmann Sigurd i Sagvåg, var ikkje uvillig til å låna vekk båten til transporten, men mangla mannskap på denne tid. Vidare godtok ikkje forsikringsselskapet Espevær Gjensidige Assuranceforening, at den vesle skøyta skulle gå gjennom dei minelagte farvatna for å henta ei potetlast i Trondheim. Men Sigurd Jonassen var villig til å låna vekk båten utan forsikring, – berre det kunne skaffast sjødyktig mannskap. Og mannskap kom på plass med Jens Eldøy som skipper og Hans Stokka som maskinist, fortel Svein Jonassen. Desse vart utstyrte med pengar, og turen gjekk delvis i farvatn som var minelagt av krigsherrane. I Trondheim gjekk handelen etter planen og MS «Rando» kom sørover med dei etterlengta potetene. Svein fortel at skøyta lossa mesteparten av lasta på Leirvik før ho kom ut til Sagvåg. Svein Jonassen meiner å hugsa at i restlasta dei lossa i Sagvåg, var det mykje poteter av dårleg kvalitet.


MS «Rando» som sikra Stordabuen  poteter i ei vanskeleg tid, vart innkjøpt av Sigurd Jonasen frå Sverige. Båten hadde mange oppdrag gjennom åra, fortel Svein. Han hugsar at han fekk montert sildeskott i rommet og gjekk som hjelpefartøy under fisket. I ein periode tøffa den med kystlast mellom Bergen og Stavanger og seinare vart det singeltransport frå Kiskaien i Sagvåg til Bergen, med nye eigarar. Båten hadde og ein periode i Odda som stasjon for ei dykkarforeining, før han sokk der inne og fann si kvile på ei fylling innerst i Hardangerfjorden, fortel Svein Jonassen.



Munnleg kjelde: Svein Jonassen f.1930

Skriftleg kjelde: Anstein Lohndal  «Stord under andre verdskrigen» – 2004


«Sunnhordland» 10. juli 2019


Oddbjørn Kvålsvold