Det starta med ein lastebil i 1936

Foto: Oddbjørn Kvålsvold

Ei verksemd som har vore med å utvikla Stord med sine tenester er lastebilverksemda Johannes T. Haugland starta i 1936. I ein samtale med familien hans på Fjellgardane, fekk eg innsyn i historikken rundt det som i dag heiter Haugland Transport. Eit firma som gjennom denne tidsbolken har vore ein aktiv medspelar innan  bygg- og anleggsverksemd og vegutbygginga i Sunnhordland.


Tradisjonen fortel at lastebilen som Johannes T. Haugland hadde kjøpt i 1936, vart beordra til transport for dei tyske styrkane på Osternes festning under okkupasjonsåra. Dette var arbeid Johannes ikkje likte, fortel sonen Torstein. Difor køyrde Johannes lastebilen utføre ei vegskråning og kardangen på bilen vart skada. Her vart bilen ståande til den tyske hermakta kapitulerte i 1945 og norske vaktstyrkar overtok Osterneset. Torstein minnast at det var ei storhending for ungane, då faren kom slepande med lastebilen til Haugland og dei fekk oppleva med sjølvsyn dei mange kulehola i karosseriet. Nokre av dei tyske soldatane hadde nok falle for freistinga å sende nokre skotsalver mot den havarerte bilen. Det høyrer med til soga at bilen vart lappa saman og var i bruk dei fyrste fredsåra.


I ein periode hadde Johannes T. Haugland veivoktaransvar for Fjellgardsvegen, frå Frugarden til Borevika, fortel Torstein.  Han minnast at han fyrst i tenåra var med faren og drog vegskrapa etter lastebilen. Torsten fekk køyra bilen i sniglefart, og faren gjekk bak å rakte vekk dei største steinane som kom opp. Etter at Torstein vart eldre og fekk sertifikat for tunge køyretøy vart snøbrøyting årfaste oppdrag med mange spanande opplevingar. Han fortel at før Fjellgardsvegen vart utvida, var Eikekleivo utfordrande dei verste snøvintrane. Då køyrde dei brøytebilen opp til Fjellstova om kvelden, overnatta der oppe, og køyrde nysnøen vekk på nedtur. Når me pratar om dei verste snøvintrane i 1950-60år, vert det og nemnt ein snøvinter som spesielt råka vestsida av Stord. Torstein fekk då i oppdrag å halda vegane i området Rydland – Fitjar sentrum farbar. Med to meter brøytekantar og full snøstorm vart dette eit minne for livet for brøytesjåføren. Nokre episodar med bremsesvikt i kritiske situasjonar vert og hugsa og er lagra på hjerneborken. Brørne Torstein og Jakob Øystein Haugland overtok transportfirma etter faren i 1974, og oppretta da Haugland Transport.


Det vart etter kvart meir moderne lastebilar, med motorbrems og «fjernstyrt» bakluke på transportkassen. Men Torstein minnast godt  korleis to vegvaktarar sto bak på lasteplanet og strødde ut veggrus med spader dei første åra bilane var innleigt av vegvesenet. Dei første åra oljegrus vart teke i bruk som vegdekke, vart denne fordelt på vegbanen ved hjelp av ein utleggerslede som dei drog etter lastebilen. Denne hadde ein liten lastekasse med fordelingsskjær, som dei tømte  oljegrusen oppi etter kvart som dei drog den bortover vegen. Verksemda hadde mykje av oppdraga i Sunnhordland, men òg oljegruslegging på Voss, Austevoll og transport av morene-masser i Jondal. 


Eit oppdrag med oljegruslegging i Sveio vert hugsa spesielt. Torstein budde då i ei campingvogn i Mølstrevågen, der han fekk vitjing av ein eldre mann som klaga på tannverk om kveldane. Mannen bad om at Torstein måtte hjelpa han med å få den lause, verkande tanna ut. Etter fleire kveldar med klaging, tok lastebilsjåføren mot til seg, gjekk ut i verktøykassa og henta ei vann-pumpetang, tok eit fast grep om tanna og vippa den ut. Den gamle mannen let vel, og for Torstein vart det eit minne for livet.



Det høyrer med til soga at verksemda som starta med ein bil i 1936 framleis er i drift. Haugland Transport vart  i 2007 selt til nye eigarar og me treffer ofte på dei i Sunnhordland.


Munnlege kjelder: Torstein Haugland f. 1942

  og familien Haugland


«Sunnhordland» 25. sept. 2021


Oddbjørn Kvålsvold