Ei forteljing om tvangsekteskap

For mange år sidan fekk eg kjennskap til eit tvangsekteskap som for oss i notid kan verka både avskyeleg og skremmande, men som samtida aksepterte. Forskarar og historikarar fortel oss at det på slutten av 1800-talet vart meir slutt på arrangerte ekteskap i Europa og vesten. Idéen om at kjærleik skulle vera fundamentet for at to unge gifter seg og stiftar familie fekk fotfeste. Før den tid, men og seinare, var det ofte ein avtalebasert allianse mellom foreldra til dei unge som avgjorde kven sonen eller dottera skulle gifta seg med.  Familiane tilrettelagde samkomer og selskap slik at ungdom frå same «stand» skulle få møtast i festlege lag og verta kjende. Fagfolk deler samfunnet inn i  sosiale grupper på ulike måtar, men på denne tid var det viktig at dei unge fann ein passande partner frå same sosiale klasse for å sikra eit best mogleg økonomisk og sosialt grunnlag.


Så attende til tvangsekteskapet eg fekk kjennskap til gjennom truverdige kjelder. Det var Sigmund Lavik frå Bruvik som i 1980 åra fortalde kona mi om modalsjenta som vart plassert på ein holme i Steinslandsvatnet av far sin. Innerst i Modalen ligg vatnet med holmen som faren plasserte dottera på, då ho ikkje ville gifta seg med ein bonde som hadde vorte enkemann. Soga fortel oss om eit tvangsekteskap som faren og enkemannen vart einige om i 1837 -38. Tradisjonen fortel at enkemannen sat att med sju born og hadde stor trong for ny kjerring på garden. Dette tilbodet fekk fyrst Anna Gulleiksdotter Almelid, som jenta heitte, og seinare far hennar, men ho sa som sant var at ho hadde kjærast og dei hadde tenkt å gifta seg. Ein kjekk og bra mann, sjølv om han hadde lite eige og slett ingen gard, meinte ho. Men faren godtok ikkje dette. Han instruerte dottera til å gifta seg med enkemannen som kunne brødfø henne på ein trygg måte. Faren meinte at dette var til hennar eige beste, sjølv om han hadde sju born frå før. Men vonde ord og trugsmål hjelpte ikkje, ho som var både ung, vakker og stolt kunne ikkje tenkja seg eit ekteskap med ein aldrande enkemann med stor ungeflokk, fortel soga. Faren vart da arg og rodde ungjenta ut på holmen i Steinslandsvatnet, utan mat og ly. Soga fortel oss om kor langt ein familiefar kunne nytta tvang og tukt for å sikra eit «godt gifte» til sine etterkommarar utan at sambygdingane greip inn. 



Etter tre kalde vårdøgn bøygde ho av og signaliserte at ho måtte hentast, og alt same våren vart ho gift med den 23 år eldre enkemannen. Tradisjonen fortel at då ho først hadde gitt tapt, hadde ho utan meir motstand tatt si bør og utført sine plikter. Stille og roleg tok ho over det store hushaldet og godtok sin lagnad. Sjølv fekk ho etter kvart fem born som voks opp, ein gut og fire jenter. Ei av desse jentene, Anna d.y. (1847-1924), er oldemor til kona mi.


Kjelder: 

Notat v/ Sigmund Lavik – 1982

  «Vårt blad» v/ Sverre Nymoen -1966

  norgeshistorie.no


«Sunnhordland» 1. sept. 2021


Oddbjørn Kvålsvold