Transport med taubanen på Børtveit
Då Stordø Kisgruver skulle byggja ut Børtveitvassdraget i 1918, var transport av utstyr opp liene til Svartevatnet tungvint og tidkrevjande. Ikkje minst skulle tunge røyrdeler og store mengder sand, sement, dynamitt og trematerialar til brakka og drift på plass. Løysinga på denne tid var å få på plass ein taubane til transportoppgåvene. Opp lia på Børtveit vart det difor bygd ein taubane på 1800 meter til transport av utstyr, men denne vart òg nytta til persontransport i enkelte høve. Dette fortel mangeårig maskinmeister på kraftstasjonen Anders Børtveit, i ein samtale eg hadde med han i 2012.
Med dagens teknologi ville nok prosjektet ha løyst transportoppgåvene med helikopter, men for anlegget på Børtveit var taubanen eit u-unnværleg hjelpemiddel. Både under første utbygginga i 1918 og seinare utvidingar og vedlikehald var banen ei teknisk innretning som letta arbeidet monaleg. Ikkje minst når dei tunge komponentane til røyrgata skulle fraktast opp lia, var taubanen eit nyttig hjelpemiddel. Røyrlengdene vart festa til berekabelen og så drog trekkvaieren dei opp til høveleg landingsplass. Anders Børtveit fortel at den tyngste røyrdelen som vart frakta på bærekabelen vog 1800 kg.
Endå taubanen ikkje var tenkt brukt til «personbefordring», vart det nærmast sedvane at anleggsslusken og andre tok taugbanen når dei skulle opp til Svartevatnet. Tradisjonen fortel om fleire dramatiske hendingar med banen, endå ingen liv gjekk tapt. Anders hugsar fleire episodar då trekkvaieren slitna (trøttleiksbrot) under transport. Ein gong det skulle fraktast eit ½ mål ved frå Svartevatnet, slitna trekkvira nett då vogna runda toppen. Vogna med vedlasset kom hylande ned lia i ein forrykande fart, og både bjørkeveden og transportflaket vart knuste i småbitar og var best brukande til opptenningsved.
Den mest dramatiske hendinga var ein gong det vart frakta folk med banen, då trekkvira slitna. Uhellet skjedde ein varm sumardag då maskinmeister Ludvik Olai Tungesvik (1899-1979) skulle til fjells på inspeksjonsrunde. Anders fortel at maskinmeisteren fekk Bjarne Agdestein til å køyra vinsjen denne dagen. Trekkvira slitna inne ved transportvogna midt oppe i lia, og Agdestein som såg vogna koma rutsjande ned på berekabelen i akselererande fart, frykta det verste. Han fortalde i ettertid at han såg vogna med Tungesvik hoppa av berekabelen og maskinmeisteren som fauk 20- 30 meter som eit prosjektil nedover. Bjarne Agdestein tok seg opp til området der dette skjedde, og var førebudd på å finna maskinmeisteren i sterkt forkomen tilstand. Men til alt hell hadde Tungesvik landa i eit av dei få ryddige områda med litt grasbakke under banetraseen og den uheldige hadde såleis fått ei forholdsvis «mjuk oppbremsing». Etter ei tid reiste Tungesvik seg og klarte å gå heim til maskinistbustaden med eiga hjelp. Tradisjonen fortel at han berre var heime i to dagar frå jobben, men han har i ettertid fortald om sine tankar når vogna susa nedover; «så dette skulle verta mitt endelikt». For Bjarne Agdestein som sto midt opp i ulykka, var dette ei vanskeleg og vond hending, så han vart sjukemeldt i ein periode etter uhellet, avsluttar Anders Børtveit forteljinga.
Munnleg kjelde: Anders Børtveit – f.1928
Sunnhordland» 11.12.17.
Oddbjørn Kvålsvold

