Minne om splintefylgje på Horneland
Den eldre generasjonen har mest alle minne om fantane, splintane eller dei reisande som dei og vart kalla. Desse omvandrande familiane har aldri vorte elska av samfunnet dei har levd i og utafor. Mange i Sunnhordland hugsar dei som reisande med båtar og som lenda i rolige viker der dei ankra opp. Nokre plassar fekk dei midlertidige husvære eller nytta naust til overnatting.
Ei av forteljarane mine, har fortald livsminne om då Sander-familien banka på stovedøra hjå foreldra på Horneland. Dette var i 1942, og det hadde lagt seg novembersnø på bakkane, så ute var det kaldt og ufyseleg. Ragnhild Digernes som fortel meg soga, hugsar det hadde vorte mørkt på ettermiddagen, då splintemor Gunvor, sto i døra med barneflokken. Gunvor var kona til Aleksander Leonard Pettersen (f. 1890 – d. 1969). Splintemor klaga si naud, og bad om husvære for seg og sine, natta over. Ragnhild hugsar at ho nytta den mjukaste stemmen nokon kan prestera. Mora Inga var skeptisk, ho var redd for å få lus i stova. Men Gunvor lova at det ikkje skulle verta «ei halv lus» att etter dei losjerande.
Der det er hjarterom er det husrom, og kvardagsstova vart ominnreia. Klaffane på langbordet vart slått ned og bordet plassert inntil veggen. Faren Nils Horneland og besten Ånen for til løa og henta kvar sit fang med halm, som vart lagt ut på golvet. På stovegolvet fekk to gutar i 10 – 12 årsalderen og to vaksne jenter liggeplass, saman med hunden deira. Splintakona fekk kroa seg saman på divanen i stova. Familiefaren sjølv gjekk til Bjelland, han ville overnatta hjå broren, som budde der. Ragnhild hugsar og at kona til Sander’n kunne lesa, men ikkje dei to jentene i slutten av tenåra. Ho fortel at Gunvor sat og las høgt frå gravferdssalmane etter bestemora til Ragnhild på Hornelandsgarden, som nett var gravlagt.
Med til historia om fantane som overnatta i kvardagsstova på Horneland, høyrer at alle dei losjerande fekk ein god frukost, før dei rusla til båten nede i vågen. Og splintekona held ord, ingen i familien til Ragnhild fekk luseplager etter vitjinga.
Ein annan av forteljarane mine, Knut Horneland, hugsar at det ofte var vitjing av splintane. Knut fortel om ein kald vinter i krigsåra, då det gamle bedehuset på Horneland vart nytta til bustad. Ein ung omstreifarfamilie (splintar) lei vondt i vinterkulda. Dei oppheld seg i nærområdet og hadde ikkje noko husvære. Men ekteparet fekk bu vinteren gjennom på bedehuset med dei to små borna. Han meiner at innkvarteringa i bedehuset, kanskje berga livet til dei små.
Hornelandsvågen var ein plass der det ofte oppheld seg reisande omstreifarar. Knut fortel om minne frå møte med «Sanderfamilien» og stamfaren, Aleksander Pettersen. Han minnest «Sanderen» som ein myndig kar med hatt og store bartar. Båten familien reiste med bar namnet, «Løvebåten», og husværet dei nytta i Alnavågen i ein periode, kalla dei sjølve «Fredens bolig». Knut hugsar at det alltid var spanande å få splintar til gards. Dei kom med vispar, kjelar, spann og anna utstyr dei ville selja. Han fortel om kor flinke dei var til å tigga, med velvalte ord. Mange omstreifarar var dyktige handverkarar, og kunne sitt blekkslagaryrke. Dei utførte fortinning, naudsynte reparasjonar på kasserollar og utstyr, og var flinke med loddebolten. Knut fortel at heime på garden hjå dei, fekk splintane laga og montera takrenner på huset.
Munneleg kjelde: Ragnhild Digernes- f. 1933
Knut Horneland- f. 1939
Digital kjelde: kyst-norge.no
«Sunnhordland» 10.april 2015
Oddbjørn Kvålsvold

