For fem hundre år sidan. Tilbakeblikk på 1520.
Den viktigaste enkelthendinga i Norden i 1520 var blodbadet i Stockholm. Etter at den dansk-norske kong Kristian 2. i november vart krona til svensk konge, let han avretta ikkje færre enn 94 av den svenske eliten. Men tre år seinare var likevel Sverige ute av Kalmarunionen som hadde vart frå 1397.
Nordmennene var heilt på sidelinja i dette oppgjeret. Men ikkje heilt. Dei måtte vera med å betala for eit mislukka felttog i Sverige sommaren 1518. Det vart skrive ut ein ekstraskatt, den såkalla tomarksskatten. To mark frå kvar bonde og tenestedreng. På grunnlag av den bevarte skattelista frå 1519 er det rekna ut at det då truleg budde rundt 210 personar innan dei noverande grensene for Stord kommune.
Kva veit me så om desse fjerne stordabuane som levde for 17 generasjonar sidan? Indirekte faktisk ein del. Men om kvar enkelt av dei mykje mindre, i skattelista berre namn og kvar dei budde, og talet på tenestedrenger (utan namn). Men dei bevarte lensrekneskapane for Bergen kongsgard 1516-1523 fortel at mange frå vårt område leverte kalk til byen, kor mykje dei leverte og kva dei fekk som betaling. Eit lite gløtt inn i økonomien. I desse åra hadde den driftige dansken Jørgen Hanssøn, Kristian 2. sin ombodsmann på slottet i Bergen, sett i gang omfattande byggjearbeid med sikte på gjera kongsgarden til eit tidsmessig administrativt sentrum og festning for Vestlandet, eit Bergenhus. Då var det behov for kalk som vart henta først og fremst frå Huglo og frå Tysnes.
Anders på Huglo var ein av dei som selde kalk i 1520. Oppgjeret 10. mars viser at han bytte til seg pengar og sølvlodd, men også eit par tønner korn og ei slegge. Dessutan fire alen grått ufarga vadmål – omtalt som «sølffar» som nok betyr vanleg «salsvare» innført frå Island. Anders kom i gjeld som vart ført inn ei eiga «skuldbok» han fekk med seg.
«Olaff i Store Brandwig» vart også skuldig etter å ha fått med seg heim tre mark i pengar, ein laup smør (15,4 kg), ei slegge og 15 alen med kvitt ufarga vadmål. I juli 1520 er det notert at han hadde levert 20 lestar kalk (lest: 12 tønner, kvar på 139 liter). Han kvitta seg då med gjelda, og overskotet fekk han utbetalt som sølv, kopar og pengar.
I all hovudsak vart kalken henta av Jørgen Hanssøn sine sveinar på eigne kalkjekter. Rekneskapane gjer greie for kva proviant dei var utrusta med, såkalla «Udspisning». Vederlaget til kalkbøndene i form av pengar og varer skjedde i Bergen. Men det var unntak. Såleis skulle Jon på Haukanes få 15 «tynner korn som han hente pa Hesby» (Finnøy i Ryfylke). Futen der var underlagt kongsgarden i Bergen og hadde ansvaret for innkrevjing av skattar og avgifter i form av korn og ulike husdyrprodukt slik som smør.
Alle dei gardane på Huglo som då var i drift, leverte kalk. Men i tillegg finn me folk frå både Føyno, Haga og Lunde. Om Sevald står berre at han var frå «Stollenn» (Storden). Kalkbøndene leigde gardane sine, var leiglendingar, men disponerte nokså fritt over ressursane på bruket. Det vart ei god attåtnæring som mange huglarar dreiv med heilt til på slutten av 1800-talet.
Kjelder: Lensrekneskapane finst i «Norske regnskaber og jordebøker» (NRJ), tilgjengeleg via Digitalarkivet og Nasjonalbiblioteket. Grundige utgreiingar om kalkproduksjonen, sjå Anstein Lohndal/Arne Sortland: Kalkbrenning på Huglo (Huglo bygdelag 1999). B.E. Bendixen har skrive om «Jørgen Hansen skriver» i Bergens Historiske Forening. Skrifter 1923-1924. Om Stord på 1500-talet: Stord frå steinalder til oljealder bd. I.
«Sunnhordland» februar 2020
Egil Nysæter

