Statfjord A – frå frustrasjon og læring til suksess
For oss som stod midt oppe i problema i 1975, vart den første offshoreperioden ei vanskeleg tid med mykje frustrasjon og læring. Dette var ei tid då mange på lokomotivverksemda i Sunnhordland måtte godta dei føringar som vart gjeve av oppdragsgivar og operatørselskapet Mobil. For folk flest og dei som stod på utsida, såg det nok flott ut, stordsamfunnet hadde «skote gulvkalven». Pengane strøymde inn til både dei næringsdrivande, kommunane og ikkje minst hovudaktøren, Stord Verft.
I denne perioden var eit av dei store problema for verftet å skaffa nok folk. Om det var tilkomst på konstruksjonen eller om teikningsgrunnlaget og spesifikasjonane var klare, spela mindre rolle. Mobil og konsulentane kravde at folka skulle på plass. Leiinga støvsugde arbeidsmarknaden og taket på 450 leigefolk som klubben og leiinga hadde avtalt, vart fort sprengt. I januar 1977 var talet på leigearbeidarar 2719, ca. 20 % av folketalet i kommunen. At arbeidarane jobba ineffektivt såg det ut som dei ansvarlige frå operatørselskapet ikkje brydde seg om. Dei talte berre «antal hoder» og registrerte om folk var i rørsle. Mottoet vart; «finn deg ein skiftenykel og sørg for at du har styringsfart». Ute i produksjonen voks talet på kontrollørar dramatisk etter at me tok til med offshoreoppdraga. Meir om dette i Stord sogelags Årsskrift for 2016, sider 51- 56.
Ein avdelingsleiar fortel:
«Dette var ei tid då vi vart kontrollerte på alle baugar og kantar av kunden. Det var inspektørar og kontrollørar over alt som følgde med på den minste ting vi utførte. Det verka som det heile var bassert på mistillit….. – Eg trur at ein av grunnane til den store mengda av teikningar og spesifikasjonar var at dei innleigde konsulentane hos oljeselskapa likte å laga seg rikeleg med arbeid. Dette merka me klart når me sjølve fekk innleigde engineeringsfolk. Dei laga seg ekstra arbeid og vart helst sure når me ville blanda oss opp i det. Mobil hadde sin eigen måte å drive prosjekta på, og den var framand for oss. Men då ein stor del av jobben på Statfjord A var rekningsarbeid, tente verftet store pengar. Såleis var dette ein gullalder for oss, sjølv om frustrasjonen var stor og det gjekk på helsa laus».
To av direktørane frå den første offshoreperioden uttalte:
«Mange av Mobil-folka som kom til Stord for å fylgje opp Statfjord A –kontrakten, kom direkte frå oppdrag i Nigeria, og brukte same type åtferd her som der. Eg har sagt at desse kontraktane var baserte på at den første som kom til eit anlegg, var ein mann med flammekastar som rydda «jungelen» slik at helikopteret hans kunne landa. Slik verka det i alle fall på oss.»
og
«…Det var ein del tøffe tak med Mobil. Eg har aldri fått så mykje kjeft i heile mitt liv som då eg vart kalla inn på teppet til Mobil på eit eller anna London-hotell i 1977. Eg vart skjelt ut til dei grader så eg var glad eg ikkje forsto alle orda…»
Det heiter at «den som har skoen på, kjenner kor han trykkjer», og slik var det i den fyrste offshoretida. Overgangen frå skipsbygging til leverandørindustrien var vanskeleg, men verksemda klarte det. Kværner, Stord vart etter nokre år «herre i eige hus», og utvikla nett dette med styring av store og komplekse prosjekt til ein av sine største konkuransefordelar. Der me i byrjinga hadde store problem, har dei i dag internasjonal spisskompetanse. Eg gratulerer Kværner- verksemda med kjempekontraktane som dei no er tildelt, – ei storhende for heile Sunnhordland.
Kjelder: – Alf Terje Myklebust, 1994 – «75 år på Kjøtteinen» –
- frå livsminnesamlinga mi
«Sunnhordland» måndag 10. april 2017
Oddbjørn Kvålsvold

