Nokre av møteplassane før i tida
For ungdommen som voks opp før i tida, var dei felles møteplassane viktige for trivnad og sosialt fellesskap. Me såg fram til laurdagskveldane då ein samlast til dans og moro i eige bygdelag, men og tok ut til andre grender for å treffa jamaldrande på eit danselokale. For enkelte vart det lange roturar eller med open motorbåt i allslags vêr. Minne frå slike turar har mange av oss eldre lagra frå vår ungdomstid då sjøen batt folket saman. For nokre er rusleturane heim frå bygdedansen på landevegen i godt selskap eller på ein trøsykkel, gode minne frå ungdomstida.
Ei av dei eldste informantane mine er Astrid Stokken, som voks opp i Gruo. Trass sin høge alder har ho eit klårt minne og har vore ein verdifull bidragsytar til livsminnesamlinga mi. I Astrid sine barne- og ungdomsår var det eit lite hus og ein danseplatting som låg der skulehus og leikeplassen på Litlabø ligg i dag. Dette var eit lite kulturelt senter for området. Forteljaren hugsar at ein og annan gongen vart det vist kino i lokala som gruveselskapet åtte, med Harding Skogvoll som maskinist. Ho meiner å hugsa at kinoen kosta 10 øre for born, men ho var der lite, for pengane mangla. Dette var i dei harde trettiåra, og mange av arbeidarborna i Gruo fekk lite høve til aktivitetar som kosta pengar. Men forsamlingslokalet var ein viktig møteplass for bygda, her øvde mannskoret og musikklaget, og ymse festar vart arrangerte i huset, fortel Astrid. Men området var òg ein arena for dans. Ho hugsar sommarkveldar da «Karloff’en» spelte trekkspel og gruvefolket svinga seg i dansen på uteplattingen. Spelejobben vart oppgjort med å «skrangla i hatten», og deltakarane ytte etter evne med 5 og 10 øringar.
Trygve Sætrevik fortel at i barne- og dei fyrste ungdomsåra var Sagvåg- og Snikkarsvingen viktige samleplassar for dei. Her treftest dei og leika i vegen, i ei tid då det var få bilar som forstyrra aktiviteten deira. Men desse plassane var òg treffpunkt før turen gjekk vidare til Litlabø eller samlingar i gymnastikksalen på skulen i Sagvåg. Skulehuset var viktig arena både for musikklag og songlag. Og juletrefestane var eit av høgdepunkta i barneåra. Seinare vart dansane og kinoen i Folkets Hus på Litlabø treffstad for denne delen av kommunen. Musikken var det ofte Arne Jensen med trekkspelet som sytte for, men seinare kom det meir «profesjonelle» trioar som tok over. Etter at Samfunnshuset vart bygd i 1955, vart dette den viktigaste kulturinstitusjonen for Litlabø- og Sagvågsbygdo, med dans og festlokale, kino og folkeboksamling, fortel Sætrevik.
Anders Grov som voks opp i Nordbygdo, reiste mange gonger med venegjengen til dansar i ungdomshuset på Huglo. Tilstellingane på Huglo 2. dag jul og påske var årvisse og populære i ungdomstida. Anders fortel om ein gong dei reiste over med Arne Grov. Den turen vert hugsa spesielt, for det var så mykje folk i motorbåten at han tok inn vatn gjennom eksosrøyra. Anders og to andre gutar måtte stå bak på skandekk på grunn av liten plass. Tidspunkt for heimturen var det alltid litt utfordrande å fastsetja, då nokre hadde fått «napp» og trong meir tid. Løysinga var å lånta ein robåt av huglarane etter at jenta var vel heim, for så å få båten umerka attende dagen etter.
Men for ungdom nordom Bekkjen har Samhald vore kulturinstitusjonen framom alle andre, og festen 4. dag jul var høgdepunktet i vinterhalvåret. Mange av dei eg har intervjua om livsminne frå denne delen av kommunen, fortel om tilstellingane i Samhald. Sjølv om dei reiste til dans både i Turnhallen på Vikjo og Samfunnshuset på Litlabø, var det huset i Nordbygdo som vart det gjævaste. Minne om heimebrygg og sterke drykkar i flasker og spann som låg gøymde i buskane og bak utedoen, vert hugsa, like eins «basketak» om jenter og andre usemjer som fann si løysing i halvmørket utafor. Vår folkediktar Jakob Sande hadde gode relasjonar til Samhald og las der eigne dikt ved fleire høve, men òg bygda sin eigen «Sandeelskar» Halvor Grov, vert hugsa frå framføringar i kulturstova nordom Bekkjen.
Dansetilstellingane samla mykje folk og tradisjonen fortel om nokre slåsskjemper som ofte var med når høve baud seg. Så «utanom nova flaut blodet» av og til, og nokre nasar vart brekte, og auge vart igjenklistra, men ikkje blind vold og råskap slik ein høyrer om i dag. Trygve Sætrevik hugsar at han vart bydd på juling nokre gonger på Moster då han hadde spelejobb med trioen der ute. Men han svara med; « viss du er i stand til å gi meg det, så skal eg ta i mot», og så vart det ikkje meir snakk om det.
Munnlege kjelder:
Astrid Stokken f. 1921
Trygve Sætrevik f. 1931
Anders Grov f. 1938
«Sunnhordland» måndag 20. juni 2016
Oddbjørn Kvålsvol


