Rasjonering og husbygging i etterkrigstida


Foto: Privat

Mange av dei som enno lever har minne om ei tid då det ikkje berre var lommeboka som sette grensene for når ein kunne byggja seg hus. Sjølv hugsar eg at foreldra mine søkte om byggeløyve alt i 1948, men fekk dette viktige dokumentet i hende først i 1951. Alle viktige byggemateriale skulle nyttast til gjenreising av landet og brukast til størst nytte for fellesskapet. Gjenreisingsdirektoratet som vart oppretta i1946, hadde tilsyn med byggeverksemda i landet og skreiv ut tilvisingar på materialar. Dei førte og kontroll med forsyningsnemnda i fylket si handsaming av søknader om bustad og landbruksbygg. Men og på andre område var det for lite varetilfang. Rasjonering av mjølk og mjølkeprodukta varte til hausten 1949, og for sukker, te og kaffi måtte ein nytta rasjoneringskort fram til hausten 1952. For å kjøpa klede vart det nytta kort (merke) fram til 1954, og regulering av bustadbygging og bilsal varte til 1960.


Gudrun og Kurt Nysæter budde i Sagvåg då planane deira om å byggja eige hus vart alvor i byrjinga av 1950-åra. Dette var ei tid då det enno var vanskeleg å få tak i byggemateriale, og dette fekk ekteparet Nysæter merka. Kurt arbeidde på Kjøtteinen der ein venegjeng fekk festa tomt hjå Bjarne Johannesen i Øvre Hageby. For dei unge var det å byggja eige hus i 1950-åra eit stort løft, som kravde stor eigeninnsats og nøktern standard skulle ein lukkast. Kurt fortel at han måtte køyra vekk mold og lausmassa frå området der huset skulle plasserast med trillebåre. Dette var det viktigaste hjelpemidle han hadde saman med grafse, brett, spett og «rå» muskelkraft. Det vart lange ettermiddagar og kveldar i tomta etter arbeidsdagen på verftet, og seine kvelden før han sykla heim til Sagvåg. Etter at fjellet var reinska, fekk Kurt ein kjenning til å bora tomta og sprenga ut husgrunnen. På denne tid vart det ikkje nytta maskinell utgraving av fjellmassane, så det var mykje stein som skulle transporterast vekk manuelt. Etter at grunnen var avretta og forskaling sett opp, vart betong blanda på byggjeplassen. Ja, det vart ei stor lette for oss husbyggarar på Stord då W. Engelsen Ettf. sette opp blandeverket på Brattestø i første halvdelen av 1960-åra og me kunne få kjøpa ferdigbetong.


Kurt minnest at det var vanskeleg å skaffa materialane til huset. Han kjøpte tømmer og fekk dette skore til bjelkar, sperrer og stenderar, og så hjelpte broren Olav han med å setja opp reisverket. Broren var bygningsmann og hjelpte han til huset fekk tak på. Kurt arbeidde vidare med å slå på papp og kledning utvendig, og kle reisverket innvendig med trefiberplater. Bindingsverkshuset til familien Nysæter vart ikkje isolert i yttervegger med det same, men etterisolert fleire år seinare. Nysæter fortel om problema han hadde med å skaffa golv til huset. Dette ordna seg då Valvatna høvleri & trelastforretning fekk inn ei last med golvbord og han fekk kjøpa ein del av dette. Sjølv om huset vart teke i bruk hausten 1952, så stod det att mykje arbeid, fortel Kurt Nysæter.


Husa på Vestlandet vart ofte bygde utan isolasjon i yttervegger og golv langt inn i 1950-åra. Ein av veteranane innan byggefaget på Stord, Torgils Engevik, har fortald meg om byggemåtar. Han meiner å hugsa at isolasjonsmatter av glasvatt fyrst vart teke i bruk i 1955 – 56 på Stord. Men enkelte nytta både sagflis, leira og kutterspon til isolasjon i golv. Avispapir har og vorte brukt til tetting og isolasjon mot trekk. Alt i 1930-åra vart noko mineralullisolasjon importert frå USA, og norsk produksjon av glasvatt tok til i same periode. I Noreg var det først etter 2. verdskrig me tok i bruk moderne isolasjonsmateriale i bustadhus, men materialrasjoneringa og kostnaden var eit hinder dei første åra etter krigen.



Munnleg kjelde:           Kurt Nysæter f. 1923

Digital kjelde:                      Arkivverket – Riksarkivet



«Sunnhordland» måndag 12 september 2016


Oddbjørn Kvålsvold