Slik var det å veksa opp i mellomkrikstida

Foto: Oddbjørn Kvålsvold

Minna frå oppveksten i 1940 åra kan synast uverkeleg for oss i dag. Nokre av dei eg har hatt samtalar med voks opp på gardar og småbruk. Arbeidet på garden for å skaffa ei utkoma som familien kunne leva av, var hovudaktiviteten for dei vaksne, men òg for ungane etter kvart som dei voks til. Denne foreldregenerasjonen arbeidde frå dei stod opp om morgonen til dei la seg om kvelden. På nokre av dei mindre bruka hadde husbonden og arbeid utanom gardsdrifta, slik som på Eskeland der Torgils Engevik, fødd i 1929, voks opp.


Torgils fortel om syskenflokken på 11 som måtte ta delt i arbeidet på garden etter kvart som dei voks til. På ein gard med stort hushald og mange levande i floren, var vassbering noko av det første han hugsar av «pliktarbeid». Trebøttene som faren hadde lagga vart tette, men tunge – minnest Torgils. Å riva eller dra ut høy frå høystabben var òg arbeid som syskenflokken hjelpte til med. Fôret skulle aldri dragast ned frå toppen av stabben, for da minka det fortare på vinterfòret. Fôrløysa om våren var mest årviss for talet vinterfóra dyr sto fast, sjølv om det var eit år med skral avling. 1. mai vart kyrne oftast slepte på beite i utmarka, endå det var sein vår og lyngen brun. I denne perioden måtte dyra passast på slik at dei ikkje kom på avvege. Desse gjetedagane vart dei utrusta med nista, som oftast sur mjølk på eit Norgesglas, lubbesild og kalde poteter.


I ein samtale med Øygun Skulstad som er fødd i 1925, fortel ho om oppvekstår i heimen på Skotabergsida, ein kvardag som står fjernt frå vår samtid. Faren var møbelsnikkar og laga mykje stilmøblar med flotte utskjeringar. Øygun fortel om mora som hjelpte faren i verkstaden med stopping av møblementa. Samstunde hadde ho ansvar for kost til familien og arbeidsfolk som budde i det kombinerte verkstad- og bustadhuset. Ungane måtte «trø til» og hjelpa foreldra etter kvart som dei voks til. Sjølv gjekk ho rundt med avbetalingskrav etter kvart som desse forfall. Ja, i 1930 åra var det vanleg at møblar vart tinga direkte hjå verkstaden med avtale om betaling i ratar. Men det var smått med kontantar i mange heimar, og Øygun måtte gå attende frå debitorane tomhendt mang ein gong.


Sjølv om det var eit trongt arbeidsmarknad for både vaksne og ungar i mellomkrigstida, hende det at dei fekk småjobbar som ungar, fortel Øygun. Den sikraste inntektskjelda når dei kom opp i tenårsalderen, var arbeidet på hermetikkfabrikken. Her jobba dei med å «tre brisling», men fekk og prøva seg på leggesalen hjå fru Blom. At ungane fekk slike jobbar, hjelpte godt på familieøkonomien i vanskelege tider, hugsar Øygun.


Det fins mange skildringar av klasseskiljet som var på Litlabø i gruvesamfunnet si driftstid. Gunnar Isdal som er fødd i 1929, fortel minne frå ei samtid då både ungar og vaksne sto i vegkanten med huva i handa og bukka når dei møtte direktør Carl Nilsen. Han var ein leiar av den gamle typen og gjorde som han sjølv ville. Han var ein av dei kondisjonerte i Gruo som ikkje blanda seg med folket, men søkte vørdnad ved å halda avstand, fortel Gunnar . Men han hugsar og etterfylgjerane Smith Meyer og direktør Bøe som gradvis skapte betre kontakt med lokalsamfunnet på Litlabø.


Mange av oss som lever i dag hugsar ei tid med streng rasjonering og liten tilgang på varer. På Litlabø var Samvirkelaget møteplassen når nye forsyningar kom. Gunnar fortel om lange handlekøar der folk var villige å stå i timevis for å sikra seg eit tøystykke, litt tobakk eller matvarer. Det heiter at «kua har lett for å gløyma at ho har vore kalv», men menneske har lett for å gløyma si nære fortid og. I ei tid der butikkane fløymer over av mange variantar av same vareslag , kan me oppleva sutring og sure kommentarar dersom forretninga ikkje har ketchupflaska med rette smaken.



Munnlege kjelder:

Øygun Skulstad f. 1925

Torgils Engevik f 1929

Gunnar Isdal f. 1929


«Sunnhordland» måndag 8.august 2016


Oddbjørn Kvålsvold