Med sykkel på campingtur
I det første tiåret etter siste verdskrigen er det fleire som har livsminne frå lange sykkelturar der ein trakka seg fram på til dels dårlege vegar. Med enkelt turutstyr pakka i eigenproduserte sykkelvesker og utvida bagasjebrett fekk ein plass til det sparsame utstyret som trongst til ein vellukka telttur. Men syklane hadde ringt bremseutstyr som lett fekk varmgang. Difor nytta ein nokre bjørkegreiner og anna trevirke, som vart festa med tau, til bremsedrag. Dette hjelpte monaleg på oppbremsinga slik at ein ikkje måtte trilla sykkelen ned dei brattaste vegane ved fjellovergangane.
I ein samtale med Arne Berger fortel han om då han og Birger Matre sykla til turnstemnet på Lillehammer i 1951. Dette var første landsstevnet etter krigen og kameratane planla å kombinera stevnet med ein sykkeltur austover. Dette mislikte leiaren i turngruppa, Tor Haugland, då han var redd dei skulle verta utsletne før konkurransen. Arne fekk låna eit eldre telt av faren og utstyret dei disponerte var enkelt. Reiseruta vart planlagt med båt frå Stord om Bergen til Lærdal, og så vidare over Fillefjell til Lillehammer. Etter ei natt i telt på Lærdalsøyri, fekk dei hengja syklane framme på ein buss som skulle austover. Dei sparte seg såleis 6 mil med til dels bratte motbakkar. Han fortel om ein teltplass dei måtte evakuera frå, då teltet vart invadert av aggressiv maur. Seinare på turen fekk dei kontakt med ein lastebilsjøfør som skulle køyra eit flyttelass heilt til Gjøvik, og gutane fekk haik med sitjeplass i to lenestolar bak på lasteplanet. I Gjøvik venta dei på DS Skibladner som tok dei over Mjøsa. Så dette vart ein av dei lette sykkelturane Arne fortel om. Men to år tidlegare hadde han og Karl Gulliksen d.y. ein sykkeltur som var atskilleg meir krevjande, med mange tunge trakk over fjellovergangar i regnbyger og vallesletta.
Ein av dei store motorsyklane mange av oss eldre hugsar, er Alf Hjelmen sin BMW, R-4711. Dette var ein 1939 modell på 750 cc, to sylindrar med boksermotor, kardangdrift og teleskopgaffel. I ein samtale med Alf Hjelmen fortel han om sykkelen han kjøpte av Georg Isdal, og som han fekk mykje glede av. Isdal som då arbeide på Osterneset, hadde fått kjøpsløyve på bil, og den staselege motorsykkelen hans var til sals. Dette var ein av dei store syklane i samtida, og for oss unggutane som gjekk heim frå verftet opp Kjøtteinsvegen, sit minne om den kraftfulle, tøffe lyden frå Alf Hjelmen sin motorsykkel i minne. Eg vil og nemna at krav om løyve for å kjøpa seg bil etter siste verdskrig, vart fjerna i 1960.
Hjelmen fortel om fleire minnerike turar austover, og turar om Sogn med telt og oppakning på BMW’en. Ikkje minst fellesturar han hadde med Njord Losnegård og Birger Førland på motorsyklane, er kjekke livsminne. Desse turane på støvete grusvegar var det få som fekk oppleva det første 10-åra etter siste verdskrigen. Men Alf som no har passert 90 år, var ein av dei, og han fortel levande om ei overnatting på Sjøsanden som vert hugsa. Då han skulle rigga opp teltet, kom det eit ofseleg regnver med torden og lyn, og campingplassen flaut over med vatn. Alf måtte finna nokre plankar som han plasserte på bakken inne i teltet, med eit treflak over. Så rigga han til sengelege oppå dette og låg rimeleg tørt i det nyimpregnerte teltet.
Alf fortel også om ein motorsykkeltur han og kona hadde. Dei kom frå Kaupanger med båt til Gudvangen, og skulle opp Stalheimskleiva der mange kjørety stod og «kokte» på vegstrekka med 18% stigning. Sjølv om vegtraseen frå 1840-åra vart utvida for biltrafikk i 1937, hugsar Alf dei krappe svingane som sers krevjande. Han og kona kom seg lett opp dei 14 hårnålssvingane med motorsykkelen, men ikkje alle våga eller klarte å køyra opp til Stalheim, fortel Alf.
Turen vidare gjekk om Voss og ut til Matre i Sunnhordland, der far til Alf arbeidde på SKL sine anlegg. I Matre hadde faren motorbåten sin liggjande, og denne ville han gjerne fått attende til Stord. Slik vart siste etappe på ein minnerik ferietur med motorbåten og sykkelen ombord. BMW’en som mange av oss hugsar, vart heist på land med kaikranen til Gulliksen som avslutning på rundturen.
Munnlege kjelder: Arne Berger f. 1923
Alf Hjelmen f. 1923
«Sunnhordland» måndag 25. juli 2016
Oddbjørn Kvålsvold


