Horneland var staden for Stord sogelag sin 4. rusletur i 2026. Ein lokkande førehandsomtale var tilsendt alle nær 220 medlemene. I strålande haustvêr kom nærare 80 sogelikande stordabuar, herunder ein utflytta stordabu busett i sjølvaste hovudstaden. Gardbrukar og altmogleglokalmann, Eivind Horneland, og leiaren i sogelaget, Odd Stuve Rommetveit, ynskte flokken hjartans velkomne. Ruta vart forklart og spenninga steig. Flokken vart først vist inn på tunet til Eivind og kona, Aud. Det bar rett inn det eldste huset på garden, ja kanskje i heile Utbygda og endå vidare. Mykje forvitneleg å sjå der. Ikkje minst likopninga. Vonde ånder skulle hindrast i å snika seg inn etter at den avlidne vart ført ut gjennom ei opning nederst i den stortømra stova. Derfor vart den lausskorne tømmerenden sett på plass så snart liket var ført ut gjennom denne avmålte opninga.
Flokken stega vidare forbi det gamle hovudhuset på bruket, no flott restaurert og framstår som ei perle. Spaninga steig ettersom staden for heksebrenninga i 1650 skulle synfarast. Ingebjørg Olsdotter, hadde tedd seg særs, særs uhøvande, både i Austevoll og i fleire stader på Bømlo. Rettsprosessar, fire i talet, høvesvis i Engesund, Levåg og på Hystad og i Kyvik hadde alle enda med strengaste straff. På Kyviktinget fall den endelege dommen; ho skulle straffast «på hendes Lif til Baal og Brand» Det skjedde våren 1560, etter nokre månader i straffehola i kjellaren i Sorenskrivargarden, med bøddel frå Bergen. På bålstaden, no kalla Kjerringebakkjen, fekk hopen i detaljar høyra mykje om Ingeborg sitt tarveleg liv og hennar dramatiske lagnad, alt henta ut av framleis tilgjengelege, originale protokollar. Journalist Ove Olderkjær har skreve ei god artikkel om dette emnet i Sunnhordland i mai 2023.
I låg, men klår septembersol fekk skaren att sans og samling på høgaste Sæbøhaugen. Vidsynet derfrå kan samanliknast med den beste i heile kommunen. I nærare fortid var det her ein ynda hoppbakke for spretne lokalgutar, i Spikerkollen.
Brannruinane av Horneland Vognfabrikk er no inngrodd i tettvakse kratt og buskas. Likevel fekk dei enno forvetne ruslarane sjå og høyra korleis fabrikken kom til i 1920 og dreiv godt i over 30 år. Og korleis den gjekk heilt ut av tida tidleg på 2000-talet, etter ein ikkje oppklara brann. Som namnet indikerer fortel vart det produsert alle slags vogner, frå trillebårer til karjolar og møkakjerrer. Knut, med sønene Mikal og Ola, sjølvsagt med etternamnet Horneland, var dei drivande kreftene. Tekniske og detaljrike produksjonsløysingar er imponerande den dag i dag. Ei levande og rikhalding skildring av vognfabrikken er å finna i Stord sogelag sitt Årsskrift 2013.
På den avsluttande stunda på Horneland Bedehus vart mange fleire soger og skrøner, sitat og hermer frå bygda fortalt. Frå småsoga om musa som vart benåda, til dødsulukka i 1927 på Hatland skule-scenen, til kor noverande Brann-trenar stammar frå, båtfabrikken i Hornelandsvågen og tiltakssame «utvandrarar» frå Horneland. Alle kjekke og forvitnelege drypp frå Horneland Gard, i si tid både futegard og den største garden på Stord. Både Kårevik, Byrkjeland, Hatland, Hornelandsvågen og Grindevik høyrde til Horneland fram til første utskiljinga i 1677.
På Horneland vart første bedehuset innvigt i 1917. Det neste og novarande i 1966. Heile den gode og samanhengjande bedehus-soga er ualminneleg flott dokumentert av Åsta Kårevik. Fleire utdrag og sitat derfrå vart fortalt, bl.a. om barnekoret som song for Kongen i 2001.
Rusleturavslutninga på Horneland bedehus, vart ei særs triveleg stund, som vanleg med kaffi, kaker og anna knaskemat. Husmor, Aud Horneland, styrte kjøkendrifta fortreffeleg. Mykje, og meir enn det, takk til henne, til Eivind og elles alle som bidrog til denne høgst minnerike stunda.

