Rusletur
Industrimuseet Aker Solutions

RUSLETUR INDUSTRIMUSEET KJØTTEINEN / AKER SOLUTIONS
Stord sogelag opna rusletursesongen 2026 med ein tur til Aker Solutions. Tysdag 21. april møtte i overkant av 30 interesserte fram på
Velferdsbygget. Åsta Lorentsen ynskte velkommen og innleia med ei orientering om kva kvelden ville by på. Ho er mangeårig tilsett ved
verftet, og har som pensjonist engasjert seg sterkt i oppbygging og drift av Industrimuseet. Gjennom ord og bilde drog ho hopen gjennom historia
til verftet, frå den spede byrjinga med sildoljefabrikkstarten i 1919 til dagens alle tiders toppaktivitet på verdsnivå. Ei skisse viste faktisk at
båtbyggjing og tilhøyrande aktivitetar har foregått på denne staden også i farne tider. Mange bilde frå utviklinga gjennom ulike tider underbygde
Åsta sine velvalde ord. Det har vore både oppturar og nedturar, omstillingar og nyvinningar. Ei utruleg soge om vilje og evne, krydra med
ukueleg pågangsmot fram mot dagens verdsleiande status. Ikkje uventa var det alle bilda frå verftet sin tidlegaste historie som vart mest studert
og kommentert.
Frå leiinga ved verftet fortalde ein frå verftet si toppleiinga om den noverande, aktuelle stoda. Ikkje nokon gong før har aktiviteten vore
større. Fleire ulike prosjekt er i arbeid samstundes, dei fleste med sluttføring innan tre kvart år. Korleis framtida ville bli kunne han ikkje sei
sikkert, men erfaringar frå korleis tidlegare nedgangsperiodar er avlyst og erstatta med nye oppdrag er ei god trøyst denne gongen også.
Sjølve Industrimuseet var andre del av rusleturen. Her, i den gamle gassfabrikken 100 meter ovanfor Velferdsbygget, er det samla
imponerande mykje av tidlegare tiders prosjekt og aktivitetar. Gjennom bilde, modellar, illustrasjonar, verktøy og oppslag er den over hundre år
gamle industrisoga svært så godt dokumentert. Rusleturdeltakarane lot seg tydleg imponera. Fleire hadde sjølv arbeidd ved verftet og kjente seg
igjenn i bilde og prosjektomtalar. Eit uvanleg instrument var uventa å finna på eit indistrimuseum: Eit flygel frå MS……. Der kapteinen,
Onarheim, var svært musikkinteressert og hadde hatt det ualminneleg spesielle flygelet som sitt skipsinstrument. Sogelaget takkar Åsta og
hennar medverkande for ei ualminneleg interessant stund. Takka gjeld også for fin servering.

