Han kom hit med kunnskap

Det var først etter siste verdskrigen at verftet på Kjøtteinen tok til med skipsbygging for alvor, noko som førte til trong for fagkunnskap innen stålskipsbygging. Ein av dei som kom hit med turvande kunnskap om skipsbygging, var Leif Johan Nilsen frå Jeløya. I ein samtale med Nilsen fortel han om læretida på fem år ved Moss Værft & Dokk, som han tok til med i 1937. Om kveldane etter arbeidstid gjekk læregutane på «Teknisk aftenskole» i tre år, slik me gjorde her på Stord. Då han var ferdig med læretida og hadde fått diplom som skipsbyggar, heldt han fram som fagarbeidar ved verftet i Moss og fekk på den måten god praksis.


Nilsen fortel om ei grundig opplæring i den gamle måten å byggja båtar på. I denne tidsbolken var avslåingsloftet, spantebrettet eller risseloftet som det og vart kalla, «hjarta» i skipsbyggeria, her vart skipet oppmerka og lagt ut etter linjeteikningane i skala 1:1. Dette er på ein måte «skipsbyggerfagets alter, eller Aller Helligste», som Dag Solstad skriv i boka om Aker mek. verkstad i 1990. Her kunne fagmannen gå inn i spanterisset og henta ut kvar einaste komponent på skipet og laga ein mal av den. Mal av plater til kjølen, dekksbjelker og spant, midtberar, botnplater, sideberarar, og mal til fundament for motor var viktige detaljar i eit skip.


Nilsen fortel om kor tilfeldig det var at han reiste til Stord etter nokre år som fagarbeidar ved verftet i Moss. Ja, vegvalet kom etter at han råka på ein tidligare kollega, Rolf Tømt, på byen 17. mai 1946. Han kunne fortelja at det sikkert var ledig jobb som merkeleiar på avslåingsloftet på Stord etter han. Dette vart eit viktig vegskilje for Leif Johan Nilsen, som skreiv jobbsøknad til Onar Onarheim allereie dagen etter. Han fekk jobben, og allereie 5. juni kom den fagutdanna skipsbyggjaren til Stord med nattruta og tok inn på Leirvik Hospits. Som ein kuriositet fortel Nilsen at første natta på Leirvik måtte han dele dobbeltseng med ein «svær bamse» av eit mannfolk, då vertinna på hospitset ikkje hadde andre senger ledig. Men som godt trena Milorggut hadde han ikkje skruplar med å krypa opp i dobbeltsenga til ein ukjent mann, humrar Nilsen.


På AS Stord vart han teke i mot av Onar Onarheim og Per Hysing Dahl, og Nilsen minnast at det var Hysing Dahl som fylgde han rundt, kledd i uniform. I juni 1946 var det sjøbussane «Midthordland», «Melanddrott» og seinare «Balholm», som var under planlegging og bygging. Desse båtane var mykje godt like, og Nilsen sin forgjengar Rolf Tømt var ferdig med oppslaga då Nilsen byrja som leiar på malloftet. Sjøbussane hadde moderne linjer med eit skrog teikna av ein dansk skipskonstruktør. Skroget hadde langskipsspant med overbygg i aluminium og sertifikat for ca. 280 passasjerar, fortel Nilsen.


Etter sjøbussane var det kystrutebåten «Fru Inger» som skulle «slåast opp» på malloftet. I den første tida fekk han god hjelp av skipsbyggmeister Camillo Hansen som då var ved verftet. For Leif Johan Nilsen var elddåpen dei to bilferjene «Gjemnes» og «Lauparen», som han sjølv seier. No fekk han ansvaret for drifta på malloftet, og at dei diagonale linjene i spanterisset stemte når han kom så langt. Nilsen fortel om kor pinleg nøyaktig dei måtte vera når spanteriss, grunnlinje, midtlinje og dei forskjellige snitta skulle teiknast opp i skala 1 : 1 på huntonitt platene på golvet. For lærlingar som vart med Nilsen på malloftet, var det både lærerikt og utfordrande. Han hugsar at ungjenta Kristine Sørheim var ei av dei fyrste som fekk opplæring. Ho var med og kraup på kne og olbogar når båtane skulle få si form i full skala.


Utviklinga ved AS Stord gjekk hurtig dei første tiåra etter siste verdskrigen, og allereie i 1951 vart mykje av tremalane bytta ut med negativ (glasplater) frå nedfotograferte teikningar. Dei vart plasserte i prosjektøren i det nye merketårnet ved plateverkstad II. Dette var ei nyvinning Nilsen var med og utvikla saman med sjefen på skipsteiknekontoret Leif Gjerver. Sjølve ideen kom frå Hamburg, der ein ingeniør hadde utvikla eit system for optisk merking under krigen. Men dette var berre starten på den utviklinga Leif Johan Nilsen vart ein del av ved lokomotivverksemda i Sunnhordland.


Munnleg kjelde: Leif Johan Nilsen f. 1923

 

«Sunnhordland» fredag 12. februar 2016


Oddbjørn Kvålsvold