Seter- og stølsdrift før i tida
Seterdrift var gjennom mange hundre år ein viktig del av ressursutnyttinga i landet. Slik eg hugsar det, hadde mest alle gardsbruka i heimbygda mi Orkdal seterdrift. I eldre tider var seter eit beiteområde med hus for folk og dyr og der budeia og gjetargut/jente budde i sumarhalvåret. Mens støl var ein plass der ein samla buskapen for mjølking, ofte med ein liten fjøsbygning som vart kalla Mjøstølen. Desse låg ofte i skilje mellom inn- og utmarka på garden, men desse skiljelinjene er for lenge sidan viska ut. I dag nyttar me orda seter og støl om kvarandre. Tradisjonen fortel at før separatoren vart teke i bruk utover på 1900-talet, var prosedyren at ferskmjølka vart slått opp i trekjerald. Her sto den til ho vart tjukk og sur, og rømmen la seg gylden og fin på toppen. Denne vart så «bretta» saman med ei skei eller ause og lagt over i rømmeambaren. Skjøret (surmjølka) vart teke vare på og nytta m.a. til tystedrikka og kokt til prim. Både kona og eg opplevde separatoren og kinna som to viktige tekniske hjelpemiddel i drifta på sætra. Ja, me måtte tidleg læra oss å halda jamn fart på sveiva. Enno kan me minnast korleis rette klangen på separatoren skulle vera, eller lydforskjellen når rømmen brast og smør og saup «skilde lag» i kinna.
I denne artikkelen vil eg òg nytta noko som Per Lundemannsverk fortalde meg. Gardane på Lundemannsverk hadde felles seterdrift i lia vest frå Fjellstova, og Per fortel soga om seterdrifta etter sin far, Peder. Budeiene frå dei to bruka på Lundemannsverk gjekk i lag til kveldsstellet på setra. Dei gjekk den gamle driftevegen på ca. fem kilometer, framom Vad og Hauglandskverna, opp Storefosslia, kryssa så vegen mellom Vatnedalen og Lundseter opp til Lundemannsverksetra. På setra samla budeiene kyrne og mjølka dei før dei gjekk til ro for kvelden. Neste morgon mjølka dei buskapen før kyrne vart slept ut på beite og mjølka vart boren med heim. Dette var ei form for stølsdrift som vart nytta mange plasser i landet, stølsjentene gjekk opp i kveldinga, overnatta og gjekk ned dagen etter. Tradisjonen fortel at stølsjentene var oppe i halv seks-tida. Dei skulle mjølka, løysa ut kyrne, måka etter dei og vaska mjølkeutstyret. Mjølka vart tømt opp i høveleg transport-spann og hengt i børetrekrokane (vassele) eller transportert i ein holk på ryggen. Ofte var det tung bør og lang veg heim. Samtidskjelder fortel at rutinane var tilpassa slik at heime sat gardsfolket ved kjøkkenbordet med frukosten når seterjentene kom heim. Etter ein matbit var det rett ut i slåtten. I fire- femtida om ettermiddagen fekk budeiene fri for å gå opp til stølen att.
Per Lundemannsverk fortel meg òg soga om dei to illgjerningsmennene som kom til Stord i eldre tider, og tok livet av seterjentene på stølen deira. Det var far til Per som fortalde han historia om dei to vandringsmennene som tok seg inn til stølsjentene. Mennene tok livet av jentene og sette fyr på Lundemannsverksetra, før dei rømde vidare nordover. Tradisjonen fortel at mennene vart fakka på Voss, fekk dom og vart avretta for ugjerninga.
Munnleg kjelde:
- Per Lundemannsverk (1937 – 2018)
- «Sunnhordland» 15 .juli 2021
Oddbjørn Kvålsvold

