Minneglytt frå hermetikkindustrien på Leirvik

Foto: Oddbjørn Kvålsvold

Hermetikkindustrien var den viktigaste kvinnearbeidsplassen på Leirvik i mange tiår. Heilt frå den første fabrikken vart sett i gang i 1907, var dette ei inntektskjelde både for den eldre kvinnelege arbeidskrafta og for mange ungjenter frå Stord og bygdene rundt.


No har maskinene stilna, og det minkar på dei som har opplevd kvardagen i hermetikkindustrien.. Som ein del av prosjektet mitt, har eg difor hatt samtaler med nokre av dei. Eg vil i det fyljande, skildra litt frå kvardagen på denne type arbeidsplassar, slik Edit Hildal hugsar det.


«Det var besteforeldra mine på morsida som var med å starta Thiise- fabrikken, Blomfamilien. Eg hugsar at det var ein del faste damer som var tilsett, men og mange ungjenter frå distriktet kom som sesonghjelp. Det vart og innhenta arbeidshjelp frå nærområdet. Ein liten lastebil med karmar og presenning over, køyrde innsamlingsrunde etter arbeidskraft. Først om Stuva til Gruvo, så vidare om Sagvåg og Valvatna attende til Vikjo. Eg budde heima på Litlabø og reiste kvar dag med lastebilen til arbeidet på fabrikken. Eg hugsar at i Snikkarsvingen sto det folk frå Dybvik som hadde sykla heimantil og som sette sykkelen frå seg for å fylja lastebilen til fabrikken. På Tveita var det ny stans, her sto folk som hadde sykla frå Tømmervik og Kårevikområdet.


Når vårsilda vart fanga kom båtane inn til fabrikken med fangsten og da vart det flust med arbeid. Sild vart salta, flekt og røykt. Etter dette vart den lagt i boksar og pålagt lok og falsa før stiming. Seinare vart det klistra merkelappar på boksane. Produktet vart kalla «Kippers» og var svert populært under krigen.


Brislingsesongen var og ei hektisk tid. Fraktebåtane med brisling la til ved sjøhuset der leveransen vart salta og tredde på rammer for røyking. Etter dette vart brislingen hovudkappa og sendt til leggesalen. På leggesalen var det akkordarbeid og stort tempo og hjelpegutane som hadde ansvar for brettleveringa, måtte fylja med skulle dei unngå kjefting.


Om haustane var det krabbesesong, med koking av krabbe og banking av klør. På leggesalen vart krabben reinska, både stø og klør måtte bearbeidast med omtanke, skulle ein unngå skal i produkta. Den spesiallaga pritler (renskeredskap) var flittig i bruk, da ein enno ikkje nytta pressluft til renskearbeidet. Dei tillaga krabbeskala, med krabbestuing, reinska klør og rogn på toppen vart sendt som ferskvare til Stavanger. Naturell krabbe og krabbestuing var andre produkt som vart produsert.


Mor mi var bestyrerinna, arbeidsleiar på fabrikken fram til 1961, og det var ein travel jobb. Ho hadde ansvar for å skaffa nok arbeidskraft og tilkalla folk etter som det var bruk for. Ho var ei av dei som hadde tilsyn med leggesalen. I dei mest hektiske periodane vart det mykje overtid, ikkje uvanleg at vi jobba til 2000 – 2100 om kvelden, med full fart neste morgon.


På leggesalen var det radio med høgtalar. Kvar gong når det var fin dansemusikk, var det ei av leggaranne som laga litt show for oss. Ho spratt fram på golvet og tok nokre flotte dansetrinn og vi fekk oss ein god latter». 


Hermetikkfabrikkane var ein typisk kvinnearbeidsplass, men næringa gav og god inntekt for dei som leverte råstoff. Både makrell, sild og krabbefangst gav monaleg aktivitet for fiskebåtane i området. Vidare var det båtar som hadde ansvar for råstofføringa. På Leirvik var hermetikkfabrikkane viktige arbeidsplassar i nærmare 60 år. Når maskinene på Tisen stilna i 1964, var det slutten på eit industrieventyr som hadde vore ei sikker inntektskjelde for mange familiar.



Munnleg kjelde:  Edit Hildal – f.1934


«Sunnhordland» 2. september 2019


Oddbjørn Kvålsvold