Ishusa – ein lagerplass for naturis
Ishus var lager for å ta vare på naturis i blokker som ein kunne nytta om sumaren og utover hausten til kjøling av matvarer. Husa var ofte isolerte med doble vegger, og det var nytta sagflis eller halm som isolasjonsmaterial. Isen vart saga ut av ferskvatn og isblokkene stabla i ishuset og nytta til kjøling av fisk, kjøt og mjølkeprodukt. Bruken av ishus og issaging dabba av etter at det vart utvikla kjøle- og fryseteknologi slik me kjenner til i dag. Skriftlege kjelder fortel at teknikken med lagring av isblokker, som vart nytta i «kjølerom», var kjend av persarane f. Kr. fødsel. I ein periode rundt 1900 talet var Noreg største eksportør i verda, av is til land som Storbritannia, Nederland og Spania (ca. 500000 tonn pr. år).
I ein samtale med Per Høyland fortel han om ishuset som stod på garden Høyland, 20 – 30 meter frå austre kanten av Tveitavatnet mot Vabakkjen (Ishussvingen). Dette vart bygd i byrjinga av 1930- åra som ein del av drifta til det første meieriet som bøndene på Stord bygde i Borggata i 1933 – 34. Per fortel om korleis dei skar is på Tveitavatnet, og denne vart transportert til ishuset for mellomlagring. Bøndene nytta trekksag og skar laus blokker på ca. 60×60 cm. Desse vart transporterte til lagerhuset som me i dag berre ser litt av grunnmuren på. Per Høyland meiner at lageret var omlag 40 m2, og i bruk heilt ut i 1950- åra. På meieriet vart mjølkespann sett opp i store kar med vatn, og ein nytta isblokkene til nedkjøling i sommarhalvåret. Men det hende at det var milde vintrar før i tida òg, så Per hugsar at meieriet måtte spara på islageret sitt.
Men dette varierte, og i 1947 var det mykje god is på Tveitavatnet, fortel Torbjørn Haga. Dette året var han med og skar is på dugnad saman med andre frå mjølkekøyrelaget i Haga. Isblokkene som var 12-15 cm tjukke dette året, vart dregne opp av den opne råka med spesiallaga trekkrokar. Inne i lagerhuset vart det strødd sagflis mellom isblokkene etter kvart som laga vart stabla opp, fortel Torbjørn. I dei siste åra meieriet i Borggata var i
bruk vart det installert frysemaskineri slik at trongen for isblokker minka og ishuset ved Tveitavatnet vart ståande til forfall.
Eit mindre kjent ishus vart bygd på Vikanes i siste delen av 1920- åra. I ein samtale med Ansgar Vikanes fortel han om faren, Severin Jakobsson Vikanes (1876- 1971), som var med og bygde sjøhus nord på eigendommen som det òg vart lagra is i. Ansgar har i mange år samla utstyr som vart nytta i samband med fisket, og har teke vare på verktøy dei brukte til skjering og transport av is. Isblokkene vart skorne i Stokktjødna litt sør for flyplassen og dregne ned langs vasseidet til sjøen med issakser. Så vart isen frakta over Dyvikvågen til det nybygde sjøhuset på Vikanes, og her vart blokkene stabla inn og «pakka» i sagmo. Sagbladet som vart nytta i Stokkatjødna til skjeringa, reknar Ansgar var frå ei av oppgangssagene i Sagvåg. Til drifta av ishuset på Vikanes høyrer og med ei iskvern som dei nytta til å knusa blokkene. Isen som dei leverte i kassar, var knust til terningar, og i hovudsak brukt til nedkjøling av brisling, fortel Ansgar.
Ei rekneskapsbok som Ansgar Vikanes har teke vare på, fortel om «Levering av is for 1928». Dei første 10 kassane vart leverte til «Brislingbørsen» for kr 18.70. Same mottakar fekk heile 141 kassar med is 5. juni 1928. Sjølv om desse var hovudmottakar av is frå Vikanes, vart det òg levert til andre. Det er m.a. notert 20 kassar til ein «Gjøsæter på Bømlo» i juli same år. Sjøhuset på Vikanes vart bygd som islager og under siste verdskrigen nytta som kornlager (kriselager), hugsar Ansgar. Han fortel at lageret vart oppsøkt av rotter og mus, og i guteåra fekk han ansvar med tilsynet av dei to kattane som vart «tilsette» som vaktmannskap på mjøllageret.
Skriftleg kjelde: wikipedia.org
Munnleg kjelder: Per Høyland f. 1931
Torbjørn Haga f.1927
Ansgar Vikanes f. 1932
«Sunnhordland» måndag 21. november 2016
Oddbjørn Kvålsvold


