Då lyset kom til Storden
Bygdaboka fortel at elektrisiteten etter måten vart tidleg teken i bruk på Stord. Det fyrste elektrisitetsverket var det Tomas Olai Olsen som bygde i Frugardselvo. Han åtte halve vassfallet og bygde Leirviks elektrisitetsverk i 1907 saman med ingeniør Frick frå Bergen, eit lite kraftverk som gav 30-40 HK. Dette gav nok straum til Leirvik og nærområde i dei dagar og var i drift til etter siste verdskrigen. Bladet Sunnhordland skriv i januar 1908 at det var ei storhending då stordabuen for første gong fekk oppleva elektrisk ljos ved å skru på ein brytar. I Sagvåg bygde P.H. Valvatna eit lite elektrisitetsverk i Sagvågselvo i 1910. Dette gav straum til høvleri og sagbruket hans, men og litt ljos til dei nærmaste grannane. Det første litt større kraftverket var det Ola O. Vatna som var primus motor for, skriv Ola Høyland i bygdeboka. Utbygginga i Vatnadalen gjekk føre seg i 1912-13, og Vatnadalen elektrisitetsverk leverte straum til abonnentar på Leirvik, Høylandsområdet og Nordbygdo. I 1918 overtok kommunen verket i Vatnedalen. Desse bygde ny stem og monterte større generator, og linjenettet vart utbygd til dei fleste gardane.
Nord på Storden var det òg gardar som tidleg tok i bruk elektrisitet. I ein samtale med Jakob Hovstad fortel han om kraftverket som faren og fire andre grannar bygde i 1928 for å skaffa straum til Hogste på Fitjar. Jakob som voks opp på ein av Hogstegardane fortel meg historia om eit elektrisitetsverk som me i dag berre ser restar av. Sjølv fatta eg interesse for kraftverket på Hogste ein gong eg oppdaga turbinen og restar av røyr, under ein utflukt med «Gutta på tur». Då eg røkte litt etter, kunne ein ven losa meg til Jakob Hovstad. Jakob fortel at det var Ole Hovstad som var pådrivaren for å få bygd kraftverket. Ole hadde ingeniørutdanning og fekk med seg faren Daniel, Kristoffer Landa og Endre og Klement Hovstad.
Stemmetjødna vart tilrettelagt som vasskjelde og turbinen vart plassert nede i Kvednabekkjen. Slik kunne dei gjera seg nytte av eit nedslagsfelt på 1,6 kvadratkilometer og fekk ei fallhøgda på 27 meter. Turbinen ytte 9 KW med 220 V likestraum. Tradisjonen fortel om mange tunge tak under bygginga i eit veglaust område, men tekniske hjelpemiddel vart teke i bruk der det var mogleg. Jakob fortel historia om løypestrengen som vart montert frå eit høgdedrag og bort til der dammen skulle byggast. Både sand og sement vart transporterte på ei «spesialdesigna» transportvogn dei nytta på løypestrengen. Stubbebrytaren var eit hjelpemiddel samtida hadde stor nytte av, og som vart brukt på prosjektet. I samband med vasstilførsla vart det grave ein kanal, fjell måtte sprengast vekk og lausmassar fjernast, fortel Jakob. Men to i arbeidsfellesskapet hadde erfaring frå vegarbeid og var borsmedar så dei var sjølvhjelpne med minering og sprengingarbeidet. Det vart nytta trerøyr frå inntaksdammen og ned til Koløyvegen, og jarnrøyr det siste stykke ned til turbinen.
Jakob Hovstad fortel at etter ei tid brann den første kraftverksbygningen ned. Men karane mista ikkje motet, og eit ny vart reist litt lenger nede i dalen. Elektrisitetsverket fekk såleis større fallhøgde. Det nye bygget vart «beslått» med murpuss både ute og inne for å redusera brannfaren. Turbin og det andre utstyret vart levert av Olsen i Frugarden. Verket gav stort sett stødig straum til den tids bruk, unntaket var nokre svært turre somrar og nokre ekstra kalde vintrar. Då måtte dei spara på vatnet og stengte av i delar av døgnet.
I stovehuset var det lagt inn ljos i alle rom og straum til ei lita elektrisk plate med to kokeplassar. Dei hadde elektrisk strykejern og det vart montert uteljos både i bustader og fjøs. Det vart også installert elektrisk ljos i hønsehus, smalehus, utedo og fleire punkt i fjøset. Vidare kjøpte Hogstegardane inn ein elektrisk motor som vart brukt på deira felles treskeverk. Kraftverket gardane bygde i Kvednabekkjen var både til nytte og glede i mange år, ja, heilt fram til bygda vart knytt til linjenettet og leveransane kom frå Blåfalli i 1952 -53, avsluttar Jakob Hovstad.
Munnleg kjelde: Jakob Hovstad f. 1927
Skriftleg kjelde: Stord bygdebok – bind III
«Sunnhordland» måndag 23. mai 2016
Oddbjørn Kvålsvold


