Bjelland fort- under og etter krigen

Foto: Oddbjørn Kvålsvold

Bjelland fort på Stord og festninga på Tittelsnes var ein del av dei mange forsvarsanlegga som den tyske krigsmakta bygde etter invasjonen i 1940. Dette var anlegg som skulle forsvara området Bømlafjorden mot alliert invasjon. Anlegget på Bjelland vart etter kvart utstyrt med 4 stk. 8.8 cm kanoner, 2 luftskytskanoner og kraftige lyskastarar både på Kjøtteinståa og i hagen til familien Junge. Den største av desse hadde ein diameter på 1,5 meter, og lyste opp Bømlafjorden  og Sunnhordlandsbassenget når han var i bruk. Bjelland fort på ca. 170 mål var inngjerda med 1,7 km. piggtrådgjerde, og 186 landminer var utplasserte. Området hadde eit nærforsvar med mitraljøse- og maskingæverstillingar plasserte i bunkersar. I nordvestre delen av fortet var det dueslag med over 1000 brevduer. Mellom dei forskjellige installasjonane var det laupegraver, fortel informanten min, Hans Kristian Junge. I lydopptaket fortel han òg om kor spanande det var å nytta festninga som leikearena etter siste verdskrigen. 


Familien til Hans Kristian Junge var ein av dei som måtte forlata heimen då Bjelland fort vart teke i bruk i 1942, men kom attende til området så snart okkupantane hadde kapitulert. I vaksen alder har han samla informasjon om aktiviteten på festninga og kan fortelja at minefelta vart rydda av ein tysk spesialtropp, kontrollert av 20 engelske soldatar (raude djevlar) sumaren 1945. Mykje av minene vart sprengde ved sjøen i Prestakonestøo, men òg i Kulio vart miner uskadeleggjorde.

Mykje av anlegget er i dag vekke, men restar av kanonstillingar, ammunisjonslager, bunkersar og laupegraver viser att i terrenget.Av bygningane som står att er det mest berre forlegningsbrakka tyskarane bygde i krysset Bjellandsvegen/ Knarrevegen, som minner om at her var militært område i krigsåra. Den tyske hermakta stasjonerte 81 mann på staden for å sikra området mot allierte åtak. Forlegningsbrakka (heimevernshuset) hadde stort, moderne kjøkken i kjellaren, med storkjøkkenutstyr som vendbar steikepanne. Forretninga til Nils Bjelland vart rekvirert og teke i bruk til «vaktstue», og hovudporten inn til området frå Høyland var sikra med innstøypte knuste flasker på portsøylene og piggtrådbarrierar på sidene. Etter krigen vart det allment kjent at vegane rundt fortet var underminert med sprengingsmateriell på fem stader som fortsleiinga kunne aktivisera. Kart viser at ladningar var plasserte ved hovudporten på Høyland, på toppen av Kjøtteinsbakkjen (Karl Almås-huset), i «Jungesvingen» og to stader litt lengre nede i vegen mot Naustvågen.


Etter at dei tyske soldatane var reist frå fortet og heile området var frigjeve, var dette eit ynda leikeområde for borna,  fortel Hans Kristian. Det tyske utstyret i hagen deira vart demontert straks etter kapitulasjonen, men resar etter fundamenta for dei to store lyskastarane, luftskytset, ammunisjonsbunkeren og laupegraver m.m. var synleg lenge. Borte er òg dei kraftige betongkonstruksjonane i samband med kanonstillingane på Bleikjehaugen, der  Stord verft i 1970- åra bygde det nye administrasjonsbygget. Her nede stod ein av hovudkanonane med ammunisjonslager og laupegraver, minnest Hans Kristian. Vaktposten på Gullbergtoppen med forlegning og bunkers var ein del av overvakinga Wehrmacht hadde i Sunnhordlandsbassenget. Signalmasta som vart montert der i desember 1943, var viktig for kommunikasjonen mellom landanlegg og dei tyske vaktbåtane. Det er òg tilgjengeleg kart over intern telefonkommunikasjon mellom Gullberg og dei forskjellige einingane på Bjelland fort.


Som leikearena var nok den store kommandobunkersen i to høgder mest spanande, fortel Hans Kristian. I underetasjen var innreia liggeplassar for 9 soldatar med køyer i tre høgder. Omn var òg montert i fleire av bunkersane. Desse var flittig i bruk av ungane, men òg nytta av huslause sildoljearbeidarar som i ein kort periode budde i nokre av bunkersane, avsluttar Hans Kristian Junge.


Munnleg kjelde:    Hans Kristian Junge f. 1938

Kart:     Strassensperren – Leirvik og Bjelland fort

Digital kjelde:     Kystfort.com


«Sunnhordland» 4. februar 2019

Oddbjørn Kvålvold