Malvin Pedersen sin motorverkstad på Leirvik
Ei av dei tidlegare industriverksemdene i hamna på Leirvik var verkstaden til Malvin Pedersen Stenberg (1889-1977) på skotabergsida. Verksemda starta som ei bygdesmia, og vart utvida til mekanisk verkstad i 1916. Pedersen utførte reparasjonar av motorar, dampmaskiner og andre fabrikkmaskiner. Vidare fortel samtidskjelder at han laga og monterte båtmotoren «Solid». Desse motorane vart laga i forskjellige storleikar, 12 – 22 og 35 hk. Malvin Pedersen motorverkstad var i drift til 1958, og bygningen vart seinare flytta til Skånevik. I dag kan vi sjå verkstaden som ein del av samlinga til Norsk Motormuseum i Skånevik. Her formidlar dei korleis motorane til Pedersen vart produserte, med tre-modellar, former, støyping og tilpassing.
Ein viktig del av arbeidet til verkstaden var reparasjonar av båtmotorar. Det vert fortalt at før fiskesesongane låg det alltid fleire skøyter utanpå kvarandre og venta på at dei motorkyndige skulle koma til unnsetning. Verkstaden hadde og eit stort støypt kar som vart nytta til barking av nøter. Vatn til barking fekk dei frå eit myrområde, i haugen på andre sida av vegen.
Forteljaren min Marion Neset, har livsminne frå oppveksten med smie og verkstad som nærmaste nabo. Ho vakna ofte når faren starta opp smihammaren i verkstaden kl. 7 om morgonen. Av dei som arbeide i lag med faren hugsar ho m.a., Knut Ås, Einar Engelsen og Anker Mikal Gravdal. Brødrene til faren, Paul og Johan Stenberg var sjømenn, men i friperiodane arbeide dei ofte i verkstaden på Skotaberg. Også brødrane hennar, Olaf og Johannes, arbeidde hjå faren når dei var heime frå sjøen. Marion hugsar at det budde læregutar, som hadde kost og losji i heimen.
Malvin Pedersen tok på seg monteringsarbeid og reparasjonar hjå andre verksemder og. Me veit at i 1939 var han ute i Mosterhamn på arbeid. Her monterterte han ein to-sylindrar, dansk 90 hk «Gamma», i samband med kalkdrifta i Televika. Vidare var han på oppdrag på Tysnes, men kanskje mest på Kjøtteinen og Clupea. Der ute hadde han ofte med seg fleire mann og dreiv på den måten utleigefirma i periodar, fortel Marion.
Det var mora Thea (1899-1979), som hadde ansvar for rekneskapsbøker, utrekning av løn til arbeidsfolk og skreiv ut rekningane til kundane. Som ungjenta gjekk Marion rundt med rekningane i nærområdet, m.a. til AS Stord. Der fekk ho utbetalt pengane med det same, og var alltid litt redd når ho gjekk på heimveg. Sjølv om det aldri var noko problem, så hugsar ho enno spenninga kvar gong ho gjekk framom «splintahuset» på Bjelland med pengane i veska.
Digitale kjelder: steinrikebomlo.no, –stp-norway.com
Skriftleg kjelde: Det norske næringsliv – 1952
Munnleg kjelde: Marion Neset, f. 1931
«Sunnhordland» 19.juni 2015
Oddbjørn Kvålsvold


