Det var kjekt å tena eigne lommepengar
Me som no er mellom dei eldre årsklassar, har minne om kor kjekt det var å tena eigne lommepengar, pengar som me sjølve kunne spara opp, eller nytta til små innkjøp etter eige ynskje. Mange av informantane mine har fortalt om småjobbane som gav nokre klingane mynt i lomma.
Jon Kyvik som voks opp på Rommetveit, er ein av dei som ofte fekk tena seg nokre kroner hjå bøndene i nærområdet. Førespurnad om å vera med å planta hovudkål eller tynna gulrøter og rotkål, var årviss aktivitet. Luking av ugras i grønsakåkrane var kjedeleg, men gav inntekter i barneåra. Opptak av kålrabi viste meir att, med store haugar ute på åkrane. Men ein måtte vera varsam når rot skulle fjelgast og lauv kuttast vekk. Dei nytta ljåblad som kniv, der handgrepet var sikra med sekkestrie. Etter kvart som ungutane fekk opparbeidd røynsle, hogg dei vekk både makkangrep og lauv med stødige kutt. Vidare fortel Jon at han og Trond Hystad, hadde mange oppdrag i lag på Rommetveitgarden. Årvisst var det trong for å spa vekk tistel som vaks opp i kulturbeita. Om haustane var det sedvane med potetferie frå skulen, og mange born var med på potetopptakinga rundt om på gardane. Alle som har barneminne frå innhausting av poteter, hugsar kor vond ryggen kunne verta dei første dagane. Men etter kvart vart dei urøynte musklane meir samarbeidsvillige.
Jon Kyvik fortel om nokre faste jobbar han hadde ved lærarskulen. Skulen hadde mange omnar og var storforbrukarar av ved. Paktaren Trygve Rommetveit køyrde veden på plass, og kappa den opp i høveleg lengde. Skulen hadde vedskut med fleire bingar, som kvar haust skulle fyllast opp. Bingane hadde ei luke nede der elevane på internatet og andre på skulen henta brenne. Jon hadde jobben med å fylla opp bingane, før elevane flytta inn på internatet og skulen tok til om hausten. Dette var akkord fortel Jon, som fekk 25 øre pr. oppfylt vedbinge på ca. 2 ½ m3.
For mange var arbeid ved hermetikkfabrikkane på Leirvik ei fast inntektskjelde i tenåra. Eg vil difor ta med litt av det Johannes Matre fortalde meg i eit intervju. (Jf. artikkelen: «Hermetikkindustrien på Leirvik» i sogelaget sitt årsskrift for 2013)
«Eg fekk jobb med å træ brisling på teiner (strenger) tidleg i min barndom. Me stod og la brislingen ned i former ved eit bord og tredde ei teina gjennom auga når alle rom var fulle. Teinene med brisling vart så plasserte i rammer. Dette var akkordarbeid, og når ramma var fulle ropte vi, «full ramme». Da kom «kontrolldama» og godkjente arbeidet og gav oss eit «klypp» på arbeidskortet. Rammene med ferdigtrædd brisling vart så sett inn i ei vogn i fleire «etasjar» og transportert til røykeriet. Dei minste av oss borna var så små at dei stod på ein skjeppekasse for å nå opp på bordet. Då eg var 12 år, fekk eg prøva meg i klippemaskina, ei maskin som born ikkje hadde lov å bruka. Men eg tykte det var svært, for betalinga var 10- 15 øre meir for timen. Hit kom rammene med den ferdigrøykte brislingen for hovudkapping. Rammene vart førde over ein kniv og teinene vart etterpå reinska og reingjort i vasketrommelen». Johannes fortel at når Arbeidstilsynet var ventande, fekk dei ordre om å «stikka seg vekk på loftet», da enkelte av maskinene hadde 18 års grense for brukarane.
Munnlege kjelder:
Jon Kyvik f. 1939
Johannes Matre -1927 – 2017
«Sunnhordland» 30. september 2019
Oddbjørn Kvålsvold

