Dei som kom til verda på Stord i 1814
I år minnest me særskilt 1814. Mykje handlar om grunnlov, Eidsvoll og Eidsvollsmenn. Det kan difor vera på sin plass å fortelja litt om dei 25 som var fødde i 1814 innan noverande Stord kommune, medrekna fire frå Sørhuglegardane som då høyrde til Eid i Fjelberg.
Dei fleste i dette årskullet kom til verda frå januar til april og frå oktober ut året. Dei var 13 gutar og 12 jenter. Av desse døydde fire gutar og ei jente før dei hadde fylt eitt år, dvs. heile 200 promille, som var nokså normalt på denne tida. I Noreg i dag er tilsvarande tal 2,5 promille! Den såkalla forventa levealderen for kullet var berre 52 år. Men dei 20 som overlevde det kritiske første året vart faktisk nokså gamle, sjølv etter vår målestokk. Halvparten vart 72 år eller eldre.
Dei fem yngste av desse vart rett nok berre 20, 30, 34, 34 og 41 år gamle, men dei fem eldste var over 80 år: 94, 91, 89, 85 og 84 år. Og som no var det kvinnene som levde lengst: Kristi Eskeland døydde i 1909, medan einaste mannen av desse eldste var Ola Rydland frå Valvatna som døydde i 1906. Dødsårsakene veit me berre reint unntaksvis. Matias Hystad døydde i koleraepidemien 1849. Same året omkom Ola Almåspodlen i ei kollsigling. Anna Isaksdtr. skal ha vore spedalsk.
Etter konfirmasjonen byrja ein periode der dei fleste var i teneste anten heime eller ute i bygda. Med unntak av Malena Grov som døydde då ho var tjue år, gifta alle dei andre vaksne seg. Gabriel frå Lundemannsverk var den yngste brudgommen, berre tjue år gamal. Han var i teneste ei stund saman med kona før dei fekk seg eit husmannsplass i Sønningjo under Helland, Fitjar. Gjennomsnittleg giftarmålsalder var om lag 28 år for begge kjønn, med eit spenn frå 20 til 40 år. I alt fem gifta seg om att etter å ha mista ektefellen.
Alle kom frå eit gardsbruk eller eit husmannsplass. Dei eldste sønene kunne då overta etter foreldra. Det gjorde bondesønene Matias Hystad, Tørres Bjelland og Ola Høyland; og husmannssønene Ola Heio, Høyland og Ola Almåspodlen. Andre måtte ut av tunet. Men ingen reiste langt verken etter ektemake eller levebrød. Dei vart verande her i Sunnhordland. Til grannesoknene innan det store Stord prestegjeld flytta to til Valestrand og to som nemnt til Fitjar. Simon Litla Brandvik vart plassmann i Arnavik i Fjelberg etter ei tid heime på Huglo. Berre tre kryssa prestegjeldsgrensene. Det var Madela Tveit til Ånuglo i Tysnes, Anna Isaksdtr. som flytta med foreldra frå eit plass under Stuva til ein gard på Utbjoa og Brita Hystad til Finnås prestegjeld (Bømlo kommune).
1814-generasjonen kom til å leva sine liv i nokså stabile bygdesamfunn. Likevel merka dei nok at bygdene sakte skifta ham. For Stord var det fram til 1875 ei dobling av folketalet frå rundt 1100 til 2100, nye typar levebrød, betre kommunikasjonar og nye skikkar. Dei fekk mange etterkommarar og fleire av dei er ”på tuftom endå til”.
Kjelder: Eige utkast til ny busetnadssoge for Stord basert på kyrkjebøker, folketeljingar mm i Digitalarkivet. Om 1800-talet meir allmennt, sjå Nils Olav Østrem: Stord frå steinalder til oljealder II. 1720-1900. Ein tidlegare artikkel om 1814 stod i Sunnhordland 28.02, på nett i https://www.stordsogelag.no.
«Sunnhordland» 30.05 2014
Egil Nysæter

