Me produserte maskiner for verdsmarknaden

Foto: Privat

Karl Madsen (1911- 1978) byrja på Stord Sildoljefabrikk i 1926 og avslutta yrkeskarrieren på industriavdelinga som pensjonist. Bilete er utlånt av dottera Åsta.


I ein lang periode var Stord Verft A/S storprodusent av maskiner. Produksjonen ved industriavdelinga var ein viktig del av verdiskapinga med om lag 200 tilsette. Maskinar for sildoljefabrikkane byrja dei å laga på Kjøtteinen under siste verdskrigen. I boka «Min tørn», fortel Onar Onarheim om fordelen det var å ha eigen sildoljefabrikk som næraste nabo. Samspelet og erfaringsutveksling mellom maskinutviklar og brukar vart ein konkurransefordel. Dette førte snart til at verkstaden kom i første rekke som produsent av maskineri for sild- og fiskemjølindustrien.

Etter kvart leverte industriavdelinga ikkje berre industrimaskiner til marknaden i Noreg, men mesteparten av produkta vart eksporterte til mange verdsdelar. Det var Stord Bartz Industri (SBI) med hovudkontor i Bergen, som var den nære samarbeidspartnaren. I denne tidbolken hadde SBI ansvaret for teknologi, marknadsføring, kundeforhold og leveransar, og Stord Verft for materialar, produksjon og verkstaddrift. Etter at verksemda byrja å produsera for nye bruksområde i slutten av 1960 åra, vart det ei svært hektisk produksjonstid. Verksemda som starta produksjon og leveransar av maskiner og utstyr til sildolje- og fiskemjølindustrien, vart i den perioden storleverandør til sukkerindustrien på verdsmarknaden. Men avdelinga produserte òg utstyr for handsaming av tang og tare (alginat produksjon), frukt, kjøtbeinmjøl- og alkoholindustrien. Dette gav von om nye marknader. Stord– teknologien som vart teke i bruk i sukkerindustrien i slutten av 1950 åra, viste seg å vera både produktivitetsfremjande og energisparande for fabrikkane.


Sjølv arbeidde eg ved industriavdelinga i to periodar. Først ein kortare periode som ein del av læretida mi ved Stord Verft A/S , og seinare i tidsrommet 1966 til 1972 som fagarbeidar på skjermavdelinga. Me i produksjonen merka Stord Bartz Industri sin vellukka vidareutvikling av produkta og salssuksess med nye tingingar og gode sals- prognosar. Presseproduksjonen eg var med på hadde mange modellar, men det var suksesspressa BS 64 eg laga mest skjermar til og monterte. Av skriftlege kjelder ser eg at i 1998 vart dobbelskru-presse nr. 3000 eksportert til ein sukkerfabrikk i Tyskland. Etter at Stord Bartz fekk verdens-patent på rotadisctørke opna det seg ein stor og spanande marknad med avfallshandtering frå slakteri, bryggeri, destilleri og alkoholindustrien. Verksemda produserte 1450 slike tørker som vart eksportert til 64 land. Av enkeltleveransar hugsar eg best småpressene TP 21 eller 24. Dei skulle sendast som «prøvepresser» til eit destilleri-konsern i Skottland. Stemninga var god då dei for ut gjennom dørene til rett tid, og arbeidsleiar Åsmund Jonassen forkynte at kanskje fekk me «smaksprøvar» tilsende. Men å konkurrera på verdsmarknaden er krevjande og kan gje svingingar i salstal. Så i slutten av 60-åra kom to nye dobbeltskruepresser på marknaden frå ein italiensk leverandør. Tradisjonen hevdar at begge desse pressene var svært like Stord-pressa, og konkuransen på verdsmarknaden spissa seg til. Sjølv flytta eg over på ei anna avdeling i 1972, så den vidare soga til industriavdelinga kjenner eg mindre til. Men skriftlege kjelder fortel om mange opp- og nedturar, med skiftande samarbeidspartnarar og eigarar.



At me på Stord tidlegare laga supertankarar på «samleband» er godt kjent, men kva med maskinproduksjonen? Kvalitetsprodukta som industriavdelinga eksporterte til verdsmarknaden var ein viktig del av verdiskapinga heilt fram til 2000 talet. Industriavdelinga på Kjøtteinen hadde si blomstringstid i siste halvdel av 1900-talet og er ein viktig del av lokalhistoria vår.


Skriftlege kjelder           

«Min tørn» v/ Onar Onarheim -1984           

 «I gjenvinningens tjeneste» v/Thor Onarheim – 1994

 «Industriavdelingen Stord» v/ Leif Nilsen- 2018


«Sunnhordland» 14. desember 2020


Oddbjørn Kvålsvold