Bonden på Stuva – ein ven er gått bort
I dag vil eg bruka spalteplass og fortelja litt om ein bondeson som tidleg tok ansvar og utførte gagns arbeid, Per Stuve. Per som eg i heile vaksenlivet har hatt gode relasjonar til, har forlete oss. Eg sit her med dødsannonsen og eit digitalt opptak og tenkjer på Per og hans næraste familie. No vil eg samla tankar og fortelja litt frå barne- og ungdomsminna Per delte med meg i januar 2015.
Då faren kjøpte traktor i 1956, var det nok med tanke på at levebrødet som bonde og drift av skogen skulle verta lettare og meir attraktivt. Erfaringa frå skogsdrift med hest, trekksag og øks hadde Per, men motorsaga som faren kjøpte til han i 1955, var eit kvantesprang i teknisk framsteg. Storvaksen furuskog med knallharde kvistar vart no klargjorde for utkøyring. Den nyutvikla JOBu junior med snubar forgassar var ein godt reiskap både til felling og kvisting. Mykje av stokkane vart drege fram på bakkane rundt tunet, der «Litle- Larsen» henta skurtømmeret med lastebilen, minnest Per.
Før dei kjøpte eigen traktor var faren ein flittig brukar av traktorlaget sin. Som sjuåring var Per nede ved gamle-meieriet i Borggata og «beundra» den nyinnkjøpte «Gråtassen» som var parkert der i 1948. Traktoren faren kjøpte inn året før han døydde, vart ein god «arbeidskollega» for Per. Som unggut i slutten av tenåra vart ny traktor med mykje teknisk utstyr ein god påverkar til at han glei inn i bondeyrket i så ung alder. Ja, i denne perioden kom den tekniske revolusjonen til jord- og skogbruket, og Per og eg utveksla livserfaringar frå tidbolken. I dag er dette gode minne for meg.
Med det hydrauliske trepunktssystemet bak på traktoren kunne ein skifta arbeidsreiskap på ein fysisk lett og rasjonell måte. Per fortalte meg om utstyret dei etter kvart kjøpte inn til traktoren, der slåmaskina hadde førsteprioritet. Så kom plogutstyr, skål- og fjørhorv og svansar. Noko av utstyret vart innkjøpt i lag med Peder Kannelønning, og dei to gardsbruka hadde felles glede og nytte av både traktor og utstyr. Kunstgjødselspreiar for traktor var òg ei stor nyvinning for jordbruket, og Per fortalde om mange oppdrag han hadde rundt om hjå yrkeskollegaer. I skogen arbeidde Tor Magnus Stangeland og Per mykje i lag med kvar sin traktor. Her køyrde dei ut tømmer for forskjellige hogstlag i kommunen. Dei gamle slepevegane inn til hogstfelta var av ymse kvalitet, men køyringa gjekk betre då dei fekk halvbelte på traktoren. Den store effektiviseringa kom då det vart fart i skogsvegutbygginga, og nye områder vart lett tilgjengeleg.
Eg vil alltid hugsa Per som den gode og lune forteljaren. Eit av livsminna han fortalde meg, var då politibetjenten Otto Macody Lund stoppa han for dokumentkontroll i krysset ved Tesalongen. Per var berre 16 år og kom køyrande med traktoren på veg til Hystad. Arne Knudsen sat på hjulskjermen. Politibetjenten påpeikte at det ikkje var lov å ha passasjerar på skjermen, og at dette måtte det verta slutt på. Men Knudsen blanda seg inn i samtalen og meinte at det var sedvane å ta med passasjer på hjulskjermen. Ungguten trudde at situasjonen var avklara, men minnest at betjenten Otto Macody Lund retta seg opp i ryggen og sa: «Siden den mannen på skjermen er stor i kjeften, vil jeg se sertifikatet og vognkortet». Per Stuve sa som sant var, at sertifikat hadde han ikkje, og vognkortet låg heima. Men etter at Knudsen hadde vist fram motorsykkelsertifikatet, fekk han overta rattet, og Per lånte seg sykkel på Vikjo og trakka etter innover til Hystad. Det høyrer med til historia at Per måtte stilla på lensmannskontoret og visa dokumentasjon på traktoren dagen etter.
Munnleg kjelde. Per Stuve ( 1940 – 2019)
«Sunnhordland»21. januar 2019
Oddbjørn Kvålsvold

