Inngangskonene – om slutten på ein gammal tradisjon

Den 16. juni 1889 var vel ein nokså vanleg søndag i Stord kyrkje. Men i presten sitt dagsregister ser me at den dagen vart den siste inngangskona (kyrkjegangskona) innleidd i kyrkja. Ein lang tradisjon var dermed til endes.


Bakgrunnen for skikken var orda i Bibelen, 3. Mosebok 12,1-5, om at kvinnene var ureine etter fødselen, og Lukas si forteljing om at Maria, Jesus’ mor, gjekk til tempelet for å la seg reinsa etter fødselen (Lukas 2,22-24). På same måte som den nyfødde før dåpen var utanfor det kyrkjelege felleskapet, var barselkvinna det same før innleiinga (introduksjonen). Ho var som det heiter i ei avhandling om skikken, «uren og hedning». Etter reformasjonen i 1537 vart denne skikken frå katolsk tid vidareført, trass i at Luther mislikte den sidan kvinna etter hans meining verken var urein eller heidning etter ein fødsel.


Kyrkjeritualet frå 1685 fortel korleis innleiinga skulle gå føre seg. Før kyrkjegangen skulle barselkvinner halda seg heime nokre veker – det vanlege var 40 dagar – fordi dei då var svake. Mødrene var difor ikkje med ved dåpen som tradisjonelt var ei veke etter fødselen. Det same galdt for dei ugifte mødrene, men dei skulle ikkje innleiast.


Den gifte kvinna skulle koma til kyrkja i følgje med nokre få andre kvinner, verta ståande utanfor kyrkjedøra eller i våpenhuset til presten kom dit og formante henne om å takka Gud for ha kome velberga gjennom fødselen, og å ta godt vare på barnet. Dersom barnet var død, trøysta presten henne. Etter å ha velsigna henne gjekk han så frå henne, og ho kunne då saman med følgjet sitt gå inn i kyrkja. Etter preika skulle dei til alteret for å bera fram offer til prest og klokkar. Kvinna var gjerne kledd i ei eiga drakt for denne kyrkjegangen.


I 1754 vart ordninga frivillig, men skikken viste seg svært seigliva. På Stord vart alle mødrer innleidde til fram på 1860-talet. Då skjedde eit skifte. Kvifor veit me ikkje sikkert. Men truleg hadde det med sokneprest Johan Carsten Emil Kierulff (1862-1875) å gjera, og allmennt ei oppfatning om at skikken var i ferd med å verta umoderne. Kierulff var streng pietist, positiv til lekmannsrørsla og den som tok initiativet til det første indremisjonslaget på Stord. Han kan ha vore ein pådrivar for avslutning av tradisjonen.


Sannsynlegvis var det berre dei eldste og dei mest tradisjonstru mødrene som etter 1870 var inngangskoner slik dei hadde vore før. Dei fleste stader var det, som på Stord, slutt med skikken frå 1880-åra. Men i nokre prestegjeld varte den lenger, i Valle i Setesdal heilt til i 1980-åra! Og det var faktisk først ved liturgirevisjonen i 1975 at «mødres kirkegang» vart heilt borte frå det norsk kyrkjeritualet.


Meir om denne tradisjonen finst m.a. i H. Fæhn: Gudstjenestelivet i Den norske kyrkje. Fra reformasjonstiden til våre dager (1994) og A.H. Bolstad Skjelbred: Uren og hedning. Barselkvinnen i norsk folketradisjon (1972); nettversjonar i nb.no.


«Sunnhordland» fredag 28. august 2015


 Egil Nysæter