Før i tida – då bilcamping var det store
I mange år var bilcamping ein del av sumarferien for mange familiar. Folk flest hadde fått høve til eigen bil, då me gjekk inn i 1970-åra. Å dra på ferietur med bil og telt vart ein livsstil. I ein samtale med dottera i nabohuset fortel ho om dei gode minna frå barndommen med campingtur kvar sumar. Dette var i siste delen av 1960-åra og den vesle Austin‘en skulle romma foreldra og born med utstyr for tre veker. Plassen vart utnytta til brestepunktet og det var alltid faren som pakka inn i bilen. Alle såg fram til at me kunne pakka og ta fatt på den årlege store hendinga. Og far var nøyen med at bilen ikkje skulle overlastast, han vog alltid både utstyr og folk på badevekta før innlastinga tok til, fortel ho.
Dette var ein generasjon som fekk oppleva fridommen som campinglivet gav, og som mange 50 -60 åringar i dag har gode minne frå. Desse bilturane etter skranglete grusvegar i lag med foreldra, og kveldar med leik, moro, kakao og kos vert hugsa. Campinglivet for min familie tok til etter at me kjøpte oss bil og eit lite hustelt i 1970 og hadde prøvetelting ei helg på Osterneset. Her hausta me nyttig lærdom. Både å reisa og ta ned teltet vart eit lagarbeid som få klarte fortare. Alle hadde sine faste oppgåver, og sjølv minstemann var delaktig med å få luft i madrassane.
Ferieturen hadde alltid innlagt ei vekes stopp hjå familien min i Trøndelag. Utstyret dei fleste bilturistane nytta på denne tid var enkelt, men funksjonelt. Eit lite hustelt med myggtett innertelt som hadde plass til fire smale luftmadrassar. Samanleggbart campingbord med fire krakkar, propanutstyr med kokebluss og kokesett med steikepanne og kaffikjel i aluminium.Som mange campingturistar gjorde flakka me mykje rundt, låg kanskje 2 – 3 netter på same plassen, men så bar det vidare. Me prøvde å planlegga reiseruta gjennom nye dalføre kvart år. Og i ei NAF-bok som me har teke vare på, er dei fleste reiserutene stipla inn. Av denne går det fram at det er få dalføre og vegar i sør og midt Noreg vi ikkje har køyrd gjennom. På vegen nordover til Trøndelag hadde vi og fleire gonger ei vekes stopp på Bærøy ved Kragerø. Verkstadklubben ved Stord Verft hadde fleire hytter der, og ungane likte seg godt med høg sumartemperatur, bade- og båtliv. Familiedagen som vart arrangert på Bærøy for kvar gruppa, med leik og moro både for ungar og vaksne, er gode sommarminne. Den lengste bilturen me hadde i lag, var då me skulle vitja ein familie i Stamsund. Dette var ein tur på over 500 mil, og som vi brukte fire veker på. Køyrde austover til Bottenvika og langs kystbyane til Haparanda, gjennom Finnland og inn i Troms. Vidare ut gjennom Vesterålen og med stopp i Stamsund og i Trøndelag på vegen sørover.
I dag har denne reisemåten «gått ut på dato», men for 40 – 50 år sidan var teltturane den årlige store opplevinga. For mange familiar var desse vekene der ein budde i tronge telt i fleire veker, og måtte samhandla heile tida, ei viktig side av sosialiseringa. Campinglivet er framleis populært, men med ein annan standard. Dei flottaste og store bubilane eller campingvognene gjev nok ei anna kjensle av luksus og speglar meir av dagens trong og moderne krav til livsstil.
«Sunnhordland» måndag 10 oktober 2016
Oddbjørn Kvålsvold


