Barnerike familiar og små husvære
Mange eldre fortel om ei tid då mange familiar var barnerike og bustadhusa små, ei tid då nygifte flytta inn hjå slekt og vener, og etablerte seg på få kvadratmeter for å få bu under same tak. Ein av dei mange kjende, som hadde glimt i augo og gode forteljarevner, har delt livsminna sine med meg. Frå eit digitalt opptak på over tre timar med Johannes Matre vil eg denne gongen fortelja frå hans første barneår på Vikjo.
Matre budde dei første leveåra i lia nedføre Smio, i eit hus som no er rive. I førsteetasjen var det ei stova på 9-10 m2 som Johannes sin familie på sju disponerte, eit smalt felleskjøkken og eit lite kammers. Oppe budde bestemora, Jensine Matre (1855- 1941) og tanta Inga. Langs veggene i stova var det plassert senger der to og to ungar låg andføttes. Johannes fortel at bestemora leigde ut kammerset til ei «legdekona» for å spe på økonomien. Aksdals – Marta som ho vart kalla, var gamal og skrøpeleg, men fekk godt stell av bestemor hans. I ein times tid midt på dagen vart dei mest aktive i barneflokken skyssa på dør, – for den losjerande Marta skulle kvila middag. På den tid familien til Johannes budde der, dreiv bestemora òg eit lite mjølkeutsal. Jensine kjøpte inn mjølk i «stort» frå bønder og porsjonerte dette til kundar i nærområdet. Ikkje dei store mengdene og inntekter kanskje, men dette var blant dei første «mjølkeutsala» på Vikjo, hevder Johannes. Bestemorhuset var hjarta av Vikjo meiner informanten min, som hadde sitt revir /leikeområde i stranda, bankhagen og ved Smio. Området rundt Smio var eit spanande oppvekstområde i byrjinga av 1930-åra. Her var det taktfaste hammarslag frå smeden Åsen, nokre brølande bilmotorar og hestevrinsk når Borggato vakna til liv om morgonen.
I 1935 vart det store omskiplingar for familien til Johannes Matre. Faren hadde kjøpt hustuft i skogkanten øverst i Holo. Sjølv om ikkje heile huset vart klart til bruk då dei flytta inn, var det flust med tumleplass til foreldra og ungeflokken. I krigsåra budde òg folk som måtte evakuera frå festningsområdet på Bjelland hjå dei. Huset vart finansiert med eit lån i Bustadbanken på 1500 kroner. I fylgje Johannes vart lånet nedbetalt med 35 kroner kvart halvår. Som mange andre familiar på denne tid hadde foreldra hans to «villagriser». Dei vart slakta til jul og om sumaren. Slaktaren kjøpte halve grise-skrotten og for denne fekk familien 35 kroner som dei finansierte lånet med, humrar Johannes. Vidare hadde huslyden i Holo både frittgåande høns og geit med kje som matauk. Ja, hønene var utgått på dato hevda tidlegare eigar Landa, men mora klarte med godt stell og omsut å lokka fram verpeevne på nytt.
Johannes fortel om då faren kjøpte deira første elektriske komfyr, ein Elektra i 1937. Dette var noko nytt og moderne, som få kjøkken på Stord hadde installert. Komfyren med to kokeplater og steikeomn var kjøpt på «Industriutstillinga for Sunnhordland», som vart arrangert på Stord dette året. Omnen hadde vore demonstrasjonskomfyr på messa og faren hadde fått den svært billeg.
Til slutt vil eg sitera eit herme Johannes fortalde etter mora. Ja, han seier sjølv at hadde dagens psykologar fått tak i han i barneåra, ville dei raskt forfekta at han var sterkt prega av ADHD –symptomer. I vaksen alder sa mora til han: « At du Johannes overlevde dei første 10 barneåra på Vikjo, er eit større under en jomfrufødselen …»
Munnleg kjelde: Johannes J. Matre – 1927- 2017
«Sunnhordland» 16. september 2019
Oddbjørn Kvålsvold

