Ein tur på dei store hav
Mange av dei eg har hatt samtale med var ein tur og to til sjøs før dei stifta familie eller tok ei lengre utdaning. Spesielt for dei som hadde fagutdaning frå eit av skipsverfta i området, var det aktuelt å få hyre på båt for å sjå seg om i verda. Enno i 1950- og 60-åra var det stor trong for norske sjøfolk, og «eventyret der ute» lokka mang ein unggut.
Då Karl Spissøy var ferdig utdana skipsrøyrleggar, var utfartstrongen og lysten til å oppleva og erfara nye ting stor. Han tok permisjon frå Stord Verft og reiste til Haugesund, og fekk hyre som reparatør på ein bulkbåt i 1966. Denne var bygd ved Haugesund Mek. Verkstad og det var Valdemar Skogvoll som disponerte fartøyet. Etter overlevering var båten klar for å gå til Bremerhaven i Tyskland og lasta bilar som skulle til New York. Planen var at dei skulle attende til Europa, men slik vart det ikkje. Den nye ordren var at MS «Walhall» skulle lasta skrapjarn for Japan, og Karl fekk etter kvart oppleva store delar av verdshava. Den nye lasta dei tok ombord var bilar, men denne gongen var dei trykte saman til skrapjernklossar. Seglingsruta til Kobe var sørover langs Amerika til Panamakanalen og over Stillehavet til Asia, ein tur som tok ca. 30 døgn. I Kobe vart skrapjernlasta bytta ut med stålplater og profiljern før kursen gjekk attende same vegen til Baltimore. Frå Kobe har Karl minne frå då dei var i dokk og skifta nokre botnplater. Her opplevde han for første gong kvinnelege sjauarar og dokkarbeidarar som utførte «mannfolkarbeid». Skutesidene vart vaska ned samstundes med at dokka vart tømt for sjø, og maling og skada botnplater skifta ut på 2 ½ døger. Karl fortel om mange turar i denne farten, og eit Stillehav som levde opp til sitt namn, blikstilla,- med Hawaiiøyane som kom opp i synsranda.
Seinare vart det turar til Canada etter trelast, der dei fylte lasterom og dekk med plank. Karl fann ut at det eksisterte større innlandssjøar enn Ådlandsvatnet. Han meiner å hugsa at MS «Walhall» brukte 5 døger for å passera den største innsjøen med ein fart av 12 – 15 knop. Slusene dei passerte og dei mektige innlandssjøane Ontario, Erie, Huron og Superior vart mellom dei største opplevingane for førstereisguten. Vidare vart turen med naudhjelp frå Amerika til Iran og Irak i 1967 eit minne for livet. Båten vart lasta med 18000 tonn korn og skulle gå gjennom Suezkanalen og rundt Saudi-Arabia til Persiabukta. Turen gjennom Suezkanalen med krigsskip som hadde førsteprioritet i kanalen, skapte forseinkingar. Området var prega av seksdagarskrigen og kampen om Sinaihalvøya nokre månader tidlegare.
Vel framme i Iran vart halve lasta med korn lossa på «gamlemåten» av tre sjauarar som entra rommet med jutesekker og koksbøtter. Kornet vart aust opp i sekkene med bøttene og sett muleband på, for så å verta heist to og to opp av lasterommet og ført innover kaien. Her sprang sjauarar med sekkene på ryggen for å stua dei i jernbanevogner. For mannskapet på bulkbåten vart dei 30 dagane det tok å lossa kornet ein tolmodsprøve, med varme opp til 49 grader. Difor var det ei stor lette då dei endeleg kunne kasta loss med kurs mot Al Basrah i Irak. I denne hamnebyen var moderne teknologi teke i bruk. Store hamnekranar firte sugerøyr ned i lasterommet og kornlasta vart overført til siloane på land innan 8 timer.
Etter utlossinga gjekk båten til Sør- Afrika og Cape Town, og Karl bestemte s
eg for å mønstra av etter 17 månader som reparatør på MS «Valhall» frå Haugesund.
Munnleg kjelde: Karl Spissøy f.1940
Sunnhordland» 27.4.18.
Oddbjørn Kvålvold

