Fotografiske kulturskattar og wienerbrød

Foto: Knud Knutsen

Dei eldste registrerte fotografia me har frå Stord kan tidfestast attende til siste halvpart av 1860-åra. Opphavsmannen er den landskjende fotografen Knud Knudsen (1832-1915). Øya Stord skal han ha vitja to gonger. Truleg var han her første gong i 1868, men eit par fotografi med motiv frå Seminaret vitnar om at han også må ha vore her i 1871-72. Fotografia til Knudsen gir oss ein interessant glytt inn i fortida, og syner på ein god måte korleis det var på Leirvik for 150 år sidan.

Gabrielle Dietrichson er den første fotografen som hadde eiga forretning og atelier på Leirvik. Ho var dotter til sakførar David Gabriel Dietrichson, og fødd på Stord i 1870. Faren døydde tidleg og let etter seg fleire mindreårige born og stor gjeld. Dårleg økonomi førte til at Gabrielle måtte skaffa seg eit levebrød, og då kunne fotografyrket vera eit høvande val. I 1896 vart Gabrielle, eller Bella som ho vart kalla, gift med ein jurist i hovudstaden. Forretninga på Leirvik tok søstera Julie Marie over, og ho dreiv som fotograf fram til 1904. Det året vart ho gift med enkjemannen etter Gabrielle. Me ser at Marie Dietrichson leigde sidebygningen til landhandlar Peder M. Sætre på Leirvik i 1900, men i 1902 sa ho opp denne avtalen og flytta forretninga si lenger ned i Borggata, til urmakar Gulliksen sitt nye hus. 


Cecilie Aarre frå Stavanger overtok fotoverksemda i Gulliksen-huset då Marie reiste, men ho vart berre verande på Stord i tre år. I august 1907 tok kusinene Amalie Knudsen og Villi Brækhus over verksemda, og dreiv fotoforretninga under namnet «C. Aarre’s Eft.». Amalie Knudsen var dotter til kjøpmann Sjur Knudsen på Leirvik. Ho opplevde å verta hundre år og fortalde på sine gamle dagar litt om fotograferinga si. Prospektkort-fotografering var ei viktig inntektskjelde, men det kunne vera utfordrande å bera det tunge utstyret med seg opp i haugane. I 1918 selde jentene forretninga med alt utstyret og heile platesamlinga til konkurrenten Severin Kannelønning.

I tillegg til dei profesjonelle fotografane var det òg nokre dugande og interesserte amatørar som fotograferte på Stord kring førre hundreårsskiftet. Jørgen Grundvig Olsen og Toralf Thorvildsen er dei mest kjende av desse. Det er likevel Severin Kannelønning (1873-1935) som har sett dei djupaste fara etter seg som fotograf på Stord. Sunnhordland Museum har ei unik samling av det fotografiske pionerarbeidet Severin Kannelønning utførte. Mannen var ikkje berre dyktig. Han var òg flittig, for samlinga på museet inneheld 13.820 fotografiske glasplater. Dette er ein eineståande kulturhistorisk og kunstnarleg skatt, som få andre museum kan framsyna. Bileta er den beste kjelda me har til å forstå det som har vore, og ikkje minst for å skjøna kva rivande utvikling Stord-samfunnet har opplevd det siste hundreåret.


Å gå til fotograf var ei storhending, men folk var likevel flinke å ta portrett og gruppebilete i atelier. Fotografane reiste også rundt på gardane med utstyret sitt og fotograferte. Ofte vart det tilkalla fotograf i samband med bryllaup, men og når folk skulle gravleggjast. Både arbeidsliv, gards- og gatemiljø, klesmotar, teknologiske framsteg og anna samfunnsutvikling vert synleggjort på fotografia. I tillegg dokumentarar fotografia historiske hendingar. 


Etter krigen dukka det opp nye fotografar på Stord. I rask rekkjefølgje kan me nemna Trygve Kannelønning, Sven O. Dahle, Egil Halvorsen, Torleif B. Krogstad, Walter og Fritz Nygård, Tor Resser, Bjørn Østrem, Gunnar Hollund, Frank Håvik og Gudrun Storesund. Av desse er det først og fremst Tor Resser som har vidareført tradisjonen etter Kannelønning. Han har fotodokumentert det meste av kva som har rørt seg i distriktet dei siste 60 åra.



Fotografia er kulturminne som er viktig å ta vare på. Tysdag 18. februar kl. 12.00 inviterer Sunnhordland museum og Stord sogelag til foto-kafé i Museumshallen. Samkoma har som mål å skapa blest om fotosamlingane på museet, men kanskje like viktig er det å få opplysningar om personar og hendingar på fotografia. Ta gjerne med deg gamle fotografi og album viss du har lyst å dela desse med andre. Dei som har levd ei stund kan sjå og mimra, dei som er unge kan sjå og læra. Sogelaget vil servera kaffi og wienerbrød.

 

«Sunnhordland» 17.02.20


Asbjørn Aasheim