«Leirvik brand- og bygningskommune» m.m.
Då Johannes Tufteland i 1957 vart tilsett i Stord, var dette ein kommune på terskelen til ei eventyrleg utvikkling. Han kom frå BKK sine anlegg i Matre i Nordhordland og byrja som kommuneteknikar ved ingeniørkontoret. Andreas Fleten var kommuneingeniør og leiar av teknisk avdeling . Utover han var det fire utearbeidarar, ein sjåfør og ei kontordame tilsett. Etaten disponerte to kontor i 2. høgda i kommunen sitt bygg på Nattrutekaien
I ein samtale eg hadde med den tidlegare kommuneingeniøren Johannes Tufteland i 2013, fortalde han om ei enkel, nærmast papirlaus sakshandsaming, der berre vedtaket vart protokollert. Folketalet i kommunen var omlag 6000, men i sterk vekst. Frittliggande enkelttomter vart vurderte, godkjende og tilrettelagde med septiktank og brønnvatn. Den som hadde planar om husbygging og trong for ei tomt, gjorde avtale med bonden eller grunneigaren direkte. Så fekk dei jordskiftedommaren eller ein annan sakkyndig til oppmåling, og laga dei naudsynte kart og papir. Tufteland minnest eit jordstykke som Ola Høyland hadde på Skotabergsida der det vart bygd nokre bustader konsentrert, og som knytte seg til ein kommunal kloakk. Så det fanst òg røyropplegg utanfor Vikjo i slutten av 1950-åra.
Johannes fortel også om «Leirvik brand- og bygningskommune», som regulerte byggeaktiviteten på Vikjo og nærområdet. Såleis vart reglane og forskriftene for bygningsråd, brannsyn og feiing gjeldande for sentrumsområdet. Grensene for brann- og bygningskommunen tok til ved sørvestre hjørnet på kyrkjegarden i Frugarden, så opp 390 meter langs Sævhølen, merka med kryss i flatt berg. Vidare over til Åshaugen, så retning nordre enden av Vikastemmo og austover ned til Djupavikjo. Innanfor dette området var særreglar gjeldande, etter at heradstyret oppretta «Leirvik brand- og bygningskommune» 28. mars1912. Det var ein kongl. res. frå 1896 som heradtyret slutta seg til for sentrumsområda i kommunen. Forordninga skulle sikra betre helsehygieniske og branntekniske forhold i tettstader med konsentrert busetnad. Meir om dette i Stord bygdebok, band 3.
Trongen for betre vasstilgang auka i takt med bustadbygginga, og alt i 1936 vart det pumpa vatn frå Sævhølen opp til vassbassenget i Lønningsåsen. I 1960 monterte dei ei lita dosseringspumpe for klortilførsel på den kommunale vassleidningen for å sikra mot bakterietilsiget i Sævhølen. Då Amlifeltet vart utbygd og fleire knytta seg på den kommunale kloakken ned til Forgarden, vart det vurdert tiltak for å minska utsleppet i sjøen. Tufteland minnest godt då saka vart drøfta i kommunestyret og den frittalande kommunelegen Emil Mo kom med fylgjande utsegn: « Å montera rister er berre tull. La «skiten» gå på sjøen så reinskar dette seg sjølv»!
Etter at Bygningslova var gjort gjeldane i 1965, vart krava frå det offentlege innskjerpa. Tufteland fortel om stor trong for byggeklare tomter i dei sterke vekstperiodane i slutten av 1950-og 60-åra. Dette resulterte i større press på drikkevatn og kloakknett. Den endelege løysinga kom først då Ravatnet var bygd ut i 1961 og seinare Tysevatnet.
Kontoret som Tufteland leia planla og regulerte det første bustadfeltet i kommunen. I 1961 kjøpte kommunen eit areal i utmarka til Sina Leirvik på 53 da. som seinare fekk namnet Kringsjå. Teknisk kontor utarbeidde delplan for området og kalkylar for kostnader med opparbeiding. Som ein kuriositet vil eg nemna at kontorsjefen berre plussa på kostnadene 10% i administrasjonsutgifter for arbeidet kommunen hadde med dei 37 tomtene. I dag verkar påslaget til planlegging, regulering og anbodoppfølging m.m. svært låg. Men som den tidligare kommuneingeniøren Johannes Tufteland sa: «Dette var i ei enklare tid, me på kontoret jobba effektivt og leigde ikkje inn dyre konsulentar til arbeidet».
Munnleg kjelde: Johannes Tufteland (1926 – 2016)
Skriftleg kjelde: «Stord bygdebok», band 3
Oddbjørn Kvålsvold

